nyhende

Rekrutterer fleire born og unge til golfen: — Me vil at dei skal få med seg gode verdiar

Under golfturneringa i helga samla lokalfolk seg på golfbana i Sveio for å få seg ein smakebit av golf. Noregs golfforbund meiner denne sporten gjev born og unge gode verdiar.

Publisert Sist oppdatert

Meir enn 60 ungdomar i alderen 13-15 år kom frå ulike kantar av landet for å vera med på golfturneringa «Srixon tour – future camp» i Sveio i helga. Desse ungdomane er blant landets beste golfspelarar i si aldersgruppe.

Men ikkje berre proffe spelarar var å finna i golfparken. Laurdag tok lokale familiar turen for å testa ut sporten. Somme hadde spelt golf før, medan andre testa det for fyrste gong.

Då Vestavind stakk innom golfbana laurdag, var det solskin, aktivitet, musikk og god stemning frå alle kantar.

I eitt av områda turnerte dei 13-15 år gamle spelarane, medan familieopplegget fann stad på ein av dei andre plenane.

Gode verdiar

Arrangøren, Noregs golfforbund, fortel at golf er mykje meir enn golf. Dei ynskjer at golf ikkje berre skal vera ein arena for fysisk aktivitet, men òg verdiskaping, venskap, samhald og moro.

I tråd med dette målet har dei difor inngått eit samarbeid med den ideelle organisasjonen MOT Noreg.

— Dette fordi me ynskjer at borna skal ha med seg gode verdiar vidare i livet. I tillegg vil me at borna skal trivast og ha det kjekt på golfbana. Difor har me valt å knyta saman sport og verdiar, seier Anders Thelberg, som er barne- og ungdomsansvarleg i Noregs golfforbund.

Familiedagen var meint til å vera ein del av rekrutteringsstrategien til golfforbundet, presiserer han vidare.

Dei tre prinsippa rekrutteringa byggjer på, er «start», «stay» og «succeed».

— Dette inneber at me vil få borna til å verta verande i sporten og lukkast på sikt. For å få det til, må borna ha eit godt og trygt miljø rundt seg. MOT kan få unge til å verta meir medvitne om korleis dei ynskjer golfmiljøet skal vera, seier Thelberg.

MOT er særleg kjend for slagorda «mot til å leva», «mot til å gjera eigne val», «mot til å bry seg» og «mot til å seia nei».

MOT sin utsending var difor til stades på golfbana laurdag. Han heiter Sverre Ræder og kjem frå Trøndelag. No har han jobba om lag 10 år som føredragshaldar og ansvarleg for logo og merkevare i MOT.

Denne laurdagen var oppdraget hans å halda eit føredrag for future camp-deltakarane (13-15 år) om verdiane til MOT, og å gjera dei medvitne om styrking av eit godt, inkluderande miljø i sporten.

Powered by Labrador CMS