nyhende
Rekordmange gåveønske – alle er innfridd
Leiar for Frivilligsentralen gjev ros til alle som har plukka hjarter og innfridd gåveønske frå dei som treng det. — Hjarta i Sveio forsvann fort, og mange har spurt etter fleire, seier Guro Røher Eriksen.
— I fjor hadde me om lag 1.800 hjarte i området Kirkens Bymisjon Rogaland, i år har me 4.000. Så me var litt redde for at ikkje alle hjarta skulle bli plukka, seier Guro Røher Eriksen.
Som tilsett i Kirkens Bymisjon og leiar for Frivilligsentralen i Sveio har ho vore tett på korleis økonomien i landet har råka mange, særleg barnefamiliar.
Dobling i gåveønske
Eriksen er ein av dei som arrangerer den årlege julegåve-aksjonen. Der kan dei som ikkje har råd sende inn gåveønske på vegner av barna sine. Ønska vert hengt opp som hjarte på juletre, der dei som vil kan plukke eit og oppfylle gåveønsket.
Grunna ein dobling i talet på gåveønske og at mange kjennar på trong økonomi, var dei uroa for at mange hjarte ikkje ville bli plukka.
— Men det har vore motsett i år, seier Eriksen.
Faktisk har så mange plukka hjarter at det vart tomt fleire stader.
— Me har aldri gått tom for hjarte på Oasen senter før. Folk har vore flinke i år, seier Eriksen.
I Sveio hang dei opp 68 hjarte. Etter alle var tekne tok folk framleis kontakt med Kirkens Bymisjon av ein varmande årsak.
— Hjarta i Sveio forsvann fort, og mange har spurt etter fleire då dei ønska å bidra, seier Eriksen.
Ikkje auke i Sveio
Ho fortel at det ikkje har vore ein auke i Sveio på talet gåveønske, og at det har heldt seg likt som tidlegare år. Dei er svært nøgde med korleis folk har stilt opp for kvarandre.
— Det er veldig kjekt å sjå, det synast eg. Eg trur ganske mange kjenner på at «eg har mogelegheit til å hjelpe, då gjer eg det», seier Eriksen.
Tysdag og onsdag held dei på med levering av dei mange julegåvene som folk har kjøpt og levert inn. Den siste veka har vore travel med lange dagar, men det gjer ikkje noko når årsaka er at rekordmange bidrar.
— Det går fint, me synast det er kjekt, avsluttar ho.