nyhende
Rekordmange deltakarar i Batterijakten
Over 19.000 fjerdeklassinger har deltatt i den nasjonale miljøkonkurransen Batterijakten. Blant desse var fire klassar frå Sveio. Dei samla inn imponerande 528 kilo batteri til saman.
Vikse skule har vore aller ivrigast. 4. klassingane der samla inn 264 kilo totalt i løpet av dei tre vekesoppdraga. Det vil seia 15 kilo per elev.
4 A, B og C ved Sveio skule deltok også. 4 C samla inn flest batteri med 10 kilo per elev og 166 kilo totalt.
I heile Noreg er det samla inn over 138 tonn brukte batteri til gjenvinning, og det er ny innsamlingsrekord.
Det nyttar å gjera noko
Batterijakten er ein nasjonal kampanje som handlar om å skapa miljøengasjement blant vanlege skulebarn, og pågjekk i år frå 13. mars til 2. april. Kampanjen set fokus på eit positivt miljøsyn, kor alle kan delta og det nyttar å gjera noko.
Miljøagentene har arrangert Batterijakten kvart år sidan 2013, i samarbeid med Clas Ohlson, VARTA og Batteriretur. Sidan Batterijakten starta, har konkurransen vakse veldig i omfang, og aldri før har så mange elevar deltatt.
Stort engasjement
— Me ser at dette er ein kampanje som verkeleg engasjerer barna. Elevane har vpre høyt og lågt på jakt, og nokre har tømt heile nærmiljøet for brukte batteri. Fjerdeklassinger har vist at miljø er noko som opptar dei, seier Ingvild Swane, prosjektleiar i Miljøagentene.
Brukte batteri som ikkje blir levert riktig, er eit miljøproblem. Batteri kan innehalde giftige stoff som kan gjera stor skade på natur dersom dei kjem på avvegar. Dessutan inneheld batterier viktige råstoff som er ressurskrevjande å utvinna.