nyhende
Rekordmange brystkrefttilfelle i fjor
4.224 kvinner i Noreg fekk påvist brystkreft i Noreg i fjor, noko som er det høgaste talet som nokon gong er registrert.
I tillegg var det ein stor auke i førekomsten av føflekkreft, skriv Kreftregisteret om kreftstatistikken for 2022. Rapporten Cancer in Norway 2022 blir publisert klokka 10.00 onsdag.
— Ein liten auke i krefttala er venta, sidan vi blir stadig fleire her til lands, og ein stadig større del av befolkninga er eldre, seier direktør Giske Ursin.
Samtidig er auken større enn normalt. Til saman var det 38.265 nye krefttilfelle i Noreg i 2022. Ifølgje Kreftregisteret kan det ha vore noko underregistrering under pandemien, der mellom anna mammografiprogrammet måtte stanse opp ein periode. Men mykje av dette etterslepet vart henta inn i 2021.
Stadig fleire eldre får brystkreft
— Og det vi ser i dei ferske tala, er at brystkreft-auken ikkje kjem i målgruppa for screeningsprogrammet, 50–69 år, men både blant dei som er eldre og dei yngre ser vi ein auke i år. Ikkje minst ser vi ein auke blant kvinner over 80 år. Denne utviklinga overraskar oss litt, så dette kjem vi til å følgje med på vidare, seier Ursin.
Enkeltkreftforma der det vart oppdaga flest nye tilfelle er prostatakreft, der det vart oppdaga 5.474 nye tilfelle blant menn i 2022. Deretter følgjer brystkreft blant kvinner, 4.224 tilfelle.
Nedgang i lungekreft
Når det gjeld føflekkreft, eller melanom som det eigentleg heiter, fekk 2.911 personar diagnosen i 2022. Det er ein auke på 468 frå året før. Auken er sterkast hos kvinner, og tala aukar i alle aldersgrupper, men mest hos eldre.
— Dette heng jo saman med solingsvanar, og at mange har fått gjentekne solskadar gjennom eit langt liv. Vi veit likevel ikkje nøyaktig kvifor vi får eit så kraftig byks akkurat frå 2021 til 2022, seier Ursin.
Ei gladnyheit er at ting går rette vegen når det gjeld lungekreft. Totalt fekk 3.534 menn og kvinner lungekreft i 2022. Det er framleis mange eldre som får sjukdommen, men menn passerte toppen i førekomst i 2000-2010, medan kvinner hadde 2018 som toppår.