nyhende

Leiarane Bjørn Gimming og Kjersti Hoff i høvesvis i Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag før overleveringen av krava onsdag. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Leiarane Bjørn Gimming og Kjersti Hoff i høvesvis i Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag før overleveringen av krava onsdag.

Rekordhøgt jordbrukskrav på 11,5 milliardar

I jordbruksoppgjeret krev bondeorganisasjonane totalt 11,5 milliardar kroner. Av dette er 2,4 milliardar kroner kompensasjon for kostnadsauke.

Publisert Sist oppdatert
Kravet frå Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag vart overlevert Landbruks- og matdepartementet onsdag formiddag.

Bondelaget omtaler dette oppgjeret som historisk – i ei tid det jordbruket opplever ein kostnadsvekst utan sidestykke.

– Skal bøndene halde fram med å produsere mat, treng vi eit kraftig inntektsløft, seier leiar Bjørn Gimming.

– Kravet uttrykkjer den svært alvorlege økonomiske situasjonen i landbruket. Medan behovet for eigen matproduksjon har auka, står vi i fare for å redusere han i Noreg. Dette kravet er det som må til for å kompensere for ekstraordinære kostnader, løfte inntekta til bonden og bidra til framleis mattryggleik, seier han.

I fjor var kravet på 2,1 milliardar, og i 2019 var det på 1,9 milliardar kroner.

Til Nationen fortel leiar Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og Småbrukarlag at kravet er det høgaste nokon gong målt per bonde.

– Om ein ser tilbake i tid, var det noko tilsvarande i 1976. Målt per bonde er det derimot høgare i år, seier ho.

Vil ha kompensasjon no

I kravet ber jordbruket om ein samla kostnadskompensasjon for den ekstraordinære kostnadsauken i 2021 og ut 2022, og denne er berekna å vere 2,4 milliardar kroner.

– Kostnadsveksten er utan sidestykke, og krigen i Ukraina har akselerert kostnadsaukane ytterlegare. Dette er langt høgare enn føresett frå fjorårets oppgjer og må bli kompensert fullt ut. Utbetalinga må skje så raskt som mogleg, noko også regjeringa har lova næringa, understrekar Gimming.

Organisasjonane foreslår at ein del av utbetalinga skjer gjennom ei eiga ordning for å kompensere for dei høge gjødselkostnadene, noko som ifølgje bondelagsleiaren er heilt nødvendig for å sikre årets matproduksjon.

125.300 kroner per årsverk

Bondelaget viser til nye tal frå Budsjettnemnda for jordbruket, som viser eit kraftig fall i inntektene for 2022. Dei legg òg vekt på at inntektsveksten over fleire år har vore låg.

Kravet for 2023 har ei ramme på 9,16 milliardar kroner, og 5,6 milliardar kroner er kostnadsdekning, medan resten vil gå til inntektsauke. Dette vil gi ein samla inntektsvekst på 125.300 kroner per årsverk, og av dette går 100.000 kroner per årsverk til å tette gapet mellom bonden og andre grupper, opplyser Bondelaget.

– For å ha med oss bonden framover og tryggje norsk matberedskap må vi løfte alle produksjonar, uansett storleik og kor i landet garden ligg. Vi styrkjer norsk matkornproduksjon, noko også regjeringa har gitt klare løfte om. Og vi løftar sau og ammeku særskilt for å sikre bruk av grasressursane i distrikta, seier Bjørn Gimming.

Krigen i Ukraina

Krigen i Ukraina har vist kor sårbar matberedskapen er både i verda og i Noreg, understrekar bondelagsleiaren.

– Med dette kravet tryggjer vi ein løpande norsk matproduksjon framover. Norsk landbruk treng ein snuoperasjon, og dette kravet representerer starten på denne snuoperasjonen. Vi må sørgje for at dei som er i næringa, blir med vidare, og at dei unge har lyst til å overta, seier han.

Blant krava er auke av målprisen for korn for å redusere importavhengnaden, eit nytt driftstilskot for sau, nytt tilskot til ku med kalv på beite og auka tilskot til drift, areal, husdyr og beite.

Bondeorganisasjonane ber òg om meir tilskot til avløysing ved sjukdom, ferie og fritid og til å utvide avløysarordninga ved sjukt barn.

Kravet omfattar vidare ei styrking av klimaarbeidet ved å satse på mellom anna fornybar energi, gratis klimarådgiving til alle bønder og utvikling av Landbrukets klimakalkulator, og dessutan eit nytt dyrevelferdstilskot.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS