nyhende

Vidar Høyland, leiar i Sveio Jakt og Fiske.FOTO: PRIVAT
Vidar Høyland, leiar i Sveio Jakt og Fiske.

Rekordår for jakt i Sveio

Aukande hjortestamme og mange observasjonar gjorde at kommunen delte ut fleire løyve enn vanleg. Det gav ein ny rekord for hjortejakta. — 202 felte dyr, seier Dagfinn Bjørge, rådgjevar for landbruk i Sveio kommune.

Publisert Sist oppdatert

Fakta om jakta

Jaktbart areal i Sveio kommune utgjer 86,6 prosent av kommunen sitt totale areal.

Hjort:
402 løyve
202 felte dyr

Fellingsresultat:

  • 28 hannkalv                      14%
  • 22 hokalv                           11%
  • 44 spissbukk                     22%
  • 19 ungkoller                     9,5%
  • 37 vaksne hanndyr         18,5%
  • 52 vaksne koller              25%

Rådyr:
194 løyve
118 felte dyr

Fellingsresultat:

  • 39 geiter                 33%
  • 74 spissbukk          63%
  • 3 hokalvar              2,5%
  • 2 hannkalvar          1,5 %

38 fallvilt (påkøyrsel)

  • 9 hjort              24%
  • 2 ukjend vilt     5 %
  • 27 rådyr          71 %

I januar månad vart resultata frå alle jaktvald i Sveio kommune talt opp. Det viser at det har vorte sett ein ny rekord for felte hjort i Sveio.

— 202 felte dyr, seier Bjørge

Talet på felte rådyr var 188.

Løyva følgjer bestanden

Bakgrunnen er eit veldig høgt tal på løyve delt ut, i håp om å stogga bestandane av både hjort og rådyr. Det skuldast at det har rett og slett vorte så mange fleire dyr.

— For året 2022 auka me fellingsløyva monaleg. Mellom anna på grunn av observasjonar av sette dyr i samband med vårteljing av hjort, og observasjonar frå ein del område i kommunen, seier Bjørge.

Hjortebukkar i Sveio.

Han fortel at det er ein aukande hjortestamme på Haugalandet og i Sunnhordland, og at dei har fått informasjon om beiteskade på jordbruksareal. Difor auka talet på fellingsløyve til 402 hjort og 194 rådyr, fordelte på 46 jaktvald i kommunen.

— Det er det høgaste talet på løyve me nokon gong har gjeve, seier Dagfinn Bjørge, rådgjevar for landbruk i Sveio kommune.

To av jaktvalda i Sveio er såkalla storvald, der det vart fri avskyting for rådyr.

Rekord

Likevel var det framleis veldig mange hjort og rådyr igjen ved slutten av jaktsesongen. Om lag 50 prosent av hjorteløyva.

Sjølv om 202 felte dyr er ein ny rekord, er det ikkje så langt unna fjoråret sitt tal. Då vart 195 hjort felt.

— Det blei såleis ei auke på sju dyr i jaktåret 2022, seier Bjørge.

Ein som har vitna kor mange dyr det er i skogen er Vidar Høyland, leiar for Sveio Jakt og Fiske.

Han held til i Valevåg og fortel at mengda hjort berre veks.

— Her er det ekstrem oppgang i tal på hjort. Kvart år på vårteljing har det vore ein ny rekord. Då eg byrja for 20 år sidan, såg eg mellom 10 til 15 dyr, og no ser eg 80 dyr. For fem år sidan var det 60 dyr, seier Høyland.

Han jaktar for det meste hjort, og meiner det er ein god bestand generelt i kommunen. Ifølgje han er det klart flest i heimtraktene hans.

— Det er mest i nord. Eg høyrer det same frå kameratar som bur på andre stadar, seier Høyland.

Eit problem for bøndene

Høyland er samd i at beiteskade er ein faktor som gjer det naudsynt å auka talet på fellingsløyve. Kvart år ser han kvifor med eigne auge.

— Eg har vore hos ein kamerat som har mykje beiteskade. Bøndene som tek vare på graset sitt merkar det. På enkelte bakkar kan ein telje 25 dyr, seier Høyland.

Beiteskaden kan vere så stor at grasproduksjonen vert sterkt råka.

— Det er synd for bøndene som lever med det. Det er nokre gonger dei ikkje orkar å ta tredje slåtten grunna all beiteskaden, seier Høyland.

Leiaren i Sveio Jakt og Fiske trur fordelinga av løyve burde ha vore gjort på ein annan måte. Slik som det gjerast no vert fordelinga skeiv samanlikna med tettleiken av hjort og rådyr.

— Det burde bli delt ut fleire fellingsløyve nord i kommunen, i staden for at ein fordeler alle dyra i kommunen på same grunnlag, seier Høyland.

OPPDATERT:
I ei tidlegare utgåve av denne artikkelen var det ikkje presisert at fri avskyting i storvald var berre for rådyr, og ikkje for hjort. Det er no endra.

Powered by Labrador CMS