nyhende

Butikkane lokkar med black friday, black-week og black months tilbod, men ikkje alle tilboda er så gode som dei blir framstilte som. Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Butikkane lokkar med black friday, black-week og black months tilbod, men ikkje alle tilboda er så gode som dei blir framstilte som.

– Rekord i «lovleg lureri» før Black Week

I oktober auka prisen på over 2,3 millionar varer i norske nettbutikkar. – Fullt lovleg lureprising, seier prisekspert.

Publisert Sist oppdatert

I oktober auka 35 prosent av alle dei 6,5 millionar prisane som nettstaden Prisjakt overvaker, det høgaste talet sidan kartlegginga starta for fem år sidan. Over 920.000 av varene auka med meir enn 10 prosent.

30 dagars grense

Årsaka er at forretningane set opp prisane i forkant av Black Week i slutten av denne månaden, ettersom tilboda då verkar betre enn dei eigentleg er.

Likevel er dette lovleg.

– Butikkane har ein lovpålagd 30 dagars grense for å setje førprisen og førebur seg i oktober ved å halde prisane høge i meir enn 30 dagar, slik at dei lovleg kan marknadsføre store prisavslag gjennom november, spesielt under Black Week, seier Noregsjef Christoffer Reina i Prisjakt i ei pressemelding.

Kan ha vore billigare før

Han meiner mange kundar vil bli lurte ettersom sjansen er stor for at dei same produkta har vore billigare andre tider på året.

Samtidig ser han ikkje bort frå at det er reelle tilbod å plukke opp òg.

– Viss ting er 7 prosent billigare enn andre dagar i året, så er det faktisk gode tilbod, seier Reina til NRK.

Powered by Labrador CMS