nyhende
Reker utrydda i fleire område
Reker har vorte utrydda i fleire område utanfor Sør-Noreg, i Nordsjøen og utanfor Storbritannia, ifølgje norske og svenske forskarar.
Ein artikkel om dette er publisert i det anerkjende tidsskriftet ICES Journal of Marine Science, melder NRK.
– Rekebestanden i Sør-Noreg ligg på eit kritisk lågt nivå, og utbreiinga har minka, seier forskar Guldborg Søvik ved Havforskingsinstituttet.
Forskarane varslar at bestanden i Skagerrak, der det framleis er aktivt fiske, har vorte mykje mindre dei siste åra. Og dei kan forsvinne heilt også der om havet blir varmare, ifølgje Søvik, som er ein av forskarane bak artikkelen.
Rekekvoten vart nyleg kraftig redusert.
– Det er alvorleg for fiskarane, men berekraftig forvaltning er den einaste vegen vi kan gå, elles blir det som no er ein vanskeleg og krevjande situasjon, katastrofal, seier fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap).