nyhende
– Reise til Leeds og Italia med jamne mellomrom – det gir livet ekstra meining
Kva var den viktigaste politiske saka i Sveio i år, og kva vil dei prioritera i 2026? Me har spurt politikarar frå kvart parti. I dag: Asle G. Halleraker, TvF.
– Ferdigstilling av ny Sveio brannstasjon.
– Kva var den viktigaste saka for deg i 2025?– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2026?
– Realisering av ny Sveio Barnehage.
– Kven er statsminister hausten 2026, og kvifor?
– Jonas Gahr Støre, fordi han vil ha eit parlamentarisk fleirtal bak seg i Stortinget hausten 2026.
– Har du eit personleg mål for 2026?
– Nyte livet slik som no, med god helse og balanse mellom familien, jobb på Skåredalen og HTG, trenar for ei fantastisk volleyballgruppe i Sveio IL, gjere eit ærleg godt arbeid i formannskapet og kommunestyret for Tverrpolitisk Fellesliste og reise til Leeds og Italia med jamne mellomrom, for det gir livet ekstra meining. Rett og slett gjere kvardagane betre enn helgene, for det er kvardagar det er flest av.