nyhende

Bildet er frå september i fjor då rådgjevar i NVE Silje Aakre Solheim, seniorrådgjevar i NVE Tore Opdahl, prosjektleiar i Sveio kommune Tore Johann Enerstvedt og Odd Ivar Pedersen i konsulentselskapet Cowi studerte kart og dokument før synfaringa ved Forevatnet. Foto: Einar Vestvik
Bildet er frå september i fjor då rådgjevar i NVE Silje Aakre Solheim, seniorrådgjevar i NVE Tore Opdahl, prosjektleiar i Sveio kommune Tore Johann Enerstvedt og Odd Ivar Pedersen i konsulentselskapet Cowi studerte kart og dokument før synfaringa ved Forevatnet.

Reguleringsplan godkjent

Kommunestyret i Sveio godkjende måndag detaljreguleringsplanen for vasshandsamingsanlegget ved Forevatnet. Vedtaket om dette var samrøystes.

Publisert Sist oppdatert

Forevatnet var frå 1967 til 2010 drikkevasskjelde for Sveio sentrum og områda omkring. Etter den tid har Sveio kjøpt vatn frå Haugesund, men no har nabokommunen i sør sagt frå om at dei ikkje har kapasitet til å levera den vassmengda Sveio har bruk for. Difor ønskjer Sveio å ta i bruk Forevatnet igjen.

Nye krav til reinsing krev då etablering av eit nytt vassbehandlingsanlegg. Kostnadene til dette er med i rådmannen sitt framlegg til økonomiplan for perioden fram til 2029, i tillegg til midlar som alt er avsette til føremålet.

Powered by Labrador CMS