nyhende
Regjeringa vil tillate sal av sterkare alkohol på gardar
Regjeringa vil greie ut moglegheita for å utvide dagens ordning med gardssal av eigenprodusert alkohol til å inkludere fleire produkt med høgare alkoholprosent.
– Vi ønskjer å gi bønder og lokalsamfunn nye moglegheiter for verdiskaping, samtidig som vi held oppe den trygge alkoholpolitikken vi har i Noreg, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre i ei pressemelding.
Regjeringa vil sjå på moglegheita for at det kan seljast sterkøl, vermut, vin av druer og brennevin utanom Vinmonopolet.
Formålet er å gi småprodusentar ein ny kanal for å nå ut til kundar og styrkje reiselivet og lokale arbeidsplassar.
Vestre understrekar at Vinmonopolet skal bestå i si noverande form.
– Vi må sikre ei løysing som ikkje vil rokke ved Vinmonopolets rolle, seier han.
Ei juridisk utgreiing er venta ferdigstilt i august 2025. Dersom utgreiinga viser at det er eit EØS-rettsleg handlingsrom for utvida gardssal, vil ulike modellar og konsekvensar av eventuelle endringar vurderast, ifølgje departementet.