nyhende

Folk skal ha rett til å betale med kontanter når varer og tenester blir selde i eit fysisk lokale, meiner regjeringa. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB / NPK
Folk skal ha rett til å betale med kontanter når varer og tenester blir selde i eit fysisk lokale, meiner regjeringa.

Regjeringa vil styrkje retten vår til å betale med kontantar

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Folk har rett til å betale med kontantar om dei ønskjer det, meiner regjeringa, som no vil klargjere reglane rundt kontantbetaling.

– Det er behov for å klargjere reglane og styrkje retten forbrukaren har til kontant betaling. Kontantkrisa som oppstod i forkant av 17. mai i år, viste at kontant betaling også må varetakast av beredskapsomsyn, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) i ei pressemelding.

forslaget regjeringa sende på høyring torsdag, heiter det at forbrukaren ha rett til å betale med kontantar i alle betente faste forretningslokale der næringsdrivande sel varer eller tenester til forbrukarar.

Dagens finansavtalelov er uklar når det gjeld i kva betalingssituasjonar forbrukaren har rett til å betale med kontantar.

– Forventninga om å kunne betale med kontantar er sterkast når ei vare eller teneste blir seld i eit fysisk salslokale. Likevel opplever ein stadig oftare at butikkar ikkje tek imot kontantar. Det ønskjer regjeringa å gjere noko med, seier Mehl.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS