NPK: Klima- og miljødepartementet kjem til å stille strengare krav til vareprodusentane, slik at det blir enklare for forbrukarane å kjeldesortere søppelet.
EU har sett strenge krav om at 65 prosent av hushaldningsavfall og liknande næringsavfall skal kunne vinnast att innan 2035. Ifølgje Statistisk sentralbyrå er vi i dag på 43 prosent, melder NRK.
Statssekretær Aleksander Heen i Klima- og miljødepartementet meiner at vareprodusentane må gjere meir.
– Ein kaffipose er ikkje berre ein kaffipose. Nokre blir rekna som plast, andre som restavfall, seier han. No krev han tydelegare merking, slik at forbrukarane forstår kva type produkt dei held i handa. På denne måten blir enklare å vite i kva dunk søppelet skal kastast i.
Vareprodusentane sjølve er samde i at det er ein lang veg å gå. I Tine jobbar dei no aktivt med å merke varene sine med tydelege symbol, slik at det blir enklare å vite kvar det skal sorterast. Men lett er det ikkje.
– Emballasjen vår er samansett av ulike materialar, til dømes har mjølkekartongen ein plastkork, og då kan ein fort bli i tvil, seier han. For Tine sin del så kan korken følgje med kartongen i papp- og papiravfallet.
Nortura opplyser at dei har eit mål om at all emballasjen deira skal vere klar for gjenvinning innan 2030.