nyhende

Regjeringa vil halde fast på dagens brannkrav i landbruket, trass i ein auke av husdyrbrannar i 2025. Foto: Privat / NTB / NPK
Regjeringa vil halde fast på dagens brannkrav i landbruket, trass i ein auke av husdyrbrannar i 2025.

Regjeringa vil ikkje stramme inn – trass i fleire husdyrbrannar

I 2025 omkom 1350 husdyr i brann i Noreg, ein kraftig auke frå året før. Regjeringa vil likevel ikkje skjerpe krava til brannsikring i landbruksbygg.

Publisert Sist oppdatert

Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen meiner dagens regelverk allereie stiller strenge krav, og håpar tala frå i fjor er eit unntak frå ein langvarig nedgåande trend, skriv Nationen.

Statistikk frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap viser at brannårsak berre er kjent i to av ti tilfelle. Samstundes har Landbrukets brannvernkomité peika på at brannar i landbruksbygg ofte ikkje blir prioriterte høgt nok i politietterforskinga, noko som kan svekkje det førebyggjande arbeidet.

Justisdepartementet viser til at alle brannar i utgangspunktet skal etterforskast, og at brannar med omkomne husdyr i nokre tilfelle kan vere brot på dyrevelferdslova. Strafferammene for slike brot er skjerpa dei siste åra.

Regjeringa meiner òg at krav om jamleg kontroll av elektriske anlegg, mellom anna med varmesøkjande kamera, har bidrege til færre brannar over tid, og ser ikkje behov for nye forskriftskrav no.

Powered by Labrador CMS