nyhende
Regjeringa tilbyr bøndene 10,15 milliardar – kravet frå bøndene er 11,5 milliardar
Landbruks- og matdepartementet tilbyr jordbruksorganisasjonane 10,15 milliardar kroner i årets oppgjer.
Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag overleverte 27. april eit krav på 11,5 milliardar kroner til regjeringa. Differansen mellom regjeringstilbodet og kravet frå bøndene er dermed på 1,35 milliardar kroner, men det er forskjellar i kva for tal som blir rekna med i dei ulike reknestykka.
Bondelaget meiner det direkte samanliknbare tilbodet frå staten er 8,9 milliardar kroner.
– Dette er rekna på ein tradisjonell måte for rammeoppsett, seier forhandlingsleiaren i staten Viil Søyland.
Vanskeleg reknestykke
Staten bereknar at utslaget på matprisen blir om lag 1,5 prosent.
Årets oppgjer omhandlar i realiteten både 2022 og 2023, og det har gjort det ekstra krevjande å setje opp eit tradisjonelt tilbod denne gongen, skriv Landbruks- og matdepartementet i pressemeldinga si.
– Den ekstraordinære situasjonen medfører at tilbodet frå staten er solid, med betydeleg beløp på budsjett og i målprisaukar. Regjeringa meiner dette må til for å bidra til tryggleik for norsk matproduksjon og sjølvforsyning i ein situasjon med uføreseielege marknader og sterk kostnadsvekst, seier forhandlingsleiaren i staten Viil Søyland.
Bøndene misfornøgde med inntektsløft
Staten lovar 2,4 milliardar kroner i kompensasjon for auka kostnader i 2022, noko bondeorganisasjonane kravde. Det er derimot framleis stor avstand mellom partane når det gjeld inntektsløft, der staten legg opp til å tette inntektsgapet til andre grupper i samfunnet med 30.000 kroner. Bøndene krev ei tetting på 100.000 kroner.
– For at bonden skal halde fram med å produsere mat, treng vi eit kraftig inntektsløft, seier Bjørn Gimming, forhandlingsleiaren i jordbruket og leiar i Norges Bondelag.
Han seier oppgjeret må bidra til at inntekta til bonden faktisk kjem nærare andre grupper i samfunnet.
Raudt: Det folkelege presset har fungert
Raudt støttar kravet frå bøndene om meir tetting av inntektsgapet.
– Når staten i dagens tilbod likevel kjem bøndene så langt i møte, viser det at det folkelege presset og bondeopprøret har hatt mykje å seie, seier landbrukspolitisk talsperson Geir Jørgensen.
Finanspolitisk talsperson Kjell Ingolf Ropstad i KrF seier han har store forventningar til jordbruksoppgjeret.
– Eg har store forventningar til eit jordbruksoppgjer som gir næringa både framtidstru og ei lønn å leve av.
(©NPK)