nyhende
Regjeringa strammar inn for ukrainske flyktningar
Ukrainske flyktningar i Noreg vil no miste retten til å få etterbetalt barnetrygd etter eitt år. Regjeringa strammar også inn moglegheita for heimreiser.
Flyktningar med mellombels kollektivt vern – som ukrainarar er omfatta av – får etter eitt års opphald rett til barnetrygd frå dag éin. Barnetrygda for det første året blir då etterbetalt i éin sum.
Forslaget til regjeringa går ut på at dei no mistar retten til denne etterbetalinga – altså at dei mistar det første året med barnetrygd, som vil utgjere 42.000 kroner for ein familie med to barn under seks år.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) og arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) stadfesta dette først overfor Aftenposten torsdag.
Ønskjer færre ukrainske flyktningar
Kommunane i landet har varsla at dei er bekymra for talet på innkomstar, og at dei slit med å skaffe bustader, skuleplass og helsetilbod til ukrainarane som kjem.
– Vi har eit godt velferdstilbod i Noreg, også for ukrainarar. Det skal vi halde fram med å ha, men vi ønskjer å komme ned til eit meir berekraftig nivå på talet på innkomstar, seier Mehl til NTB.
Sidan byrjinga av 2022 har 68.253 personar søkt om kollektivt vern i Noreg, dei aller fleste av dei ukrainarar. Noreg tek imot langt fleire flyktningar enn dei andre nordiske landa.
– Gjennom hausten har vi hatt periodar med veldig høgt innkomstnivå. I nokre periodar har vi motteke fleire enn Sverige, Danmark og Finland til saman, seier Mehl.
Strammar inn på reiser og hotell
I tillegg skal flyktningar frå Ukraina no måtte ha eit «legitimt formål» med å reise heim til Ukraina etter dei er innvilga opphald i Noreg. Regjeringa foreslår også nye krav til innkvartering av ukrainske asylsøkjarar.
Det kjem heller ikkje til å bli mogleg med innkvartering i hotell eller reiser for dei som vel å reise til ein annan stad enn Nasjonalt mottakssenter i Råde. Dei strammar også til på bruk av hotell som asylmottak
– Det er fornuftige innstrammingar, meiner eg. Så skal ukrainarane framleis ha det godt i Noreg, seier justisministeren til NTB
Må vente fem år på mange rettar
Brenna grunngir tiltaka med at ukrainarane uansett blir varetekne økonomisk det første året gjennom mottakssystemet og introduksjonsprogrammet. I tillegg meiner regjeringa at etterbetaling av barnetrygd ikkje bidreg til å dekkje løpande utgifter til barna på same måte som vanleg barnetrygd.
Arbeids- og inkluderingsministeren peikar også på at flyktningar må bu her i fem år for å få mange rettar i folketrygda.
– Dei har til dømes ikkje rett på uføretrygd eller kontantstønad, og det meiner eg er fornuftig, seier Brenna til Aftenposten.
SV: Dårleg idé
– Kutta i barnetrygd som regjeringa foreslår her, er ikkje ein god idé. Vi veit at det er eit stort innslag av flyktningar frå Ukraina og andre land i matkøane landet rundt. Vi forbetrar ikkje situasjonen deira ved å fjerne dette viktige bidreg, skriv flyktningpolitisk talsperson Birgit Oline Kjerstad i SV til NTB.
Høgre meiner innstrammingane er ein god start, men hevdar at tiltaka ikkje løyser utfordringane som kommunane står i.
– No må regjeringa vise handlekraft og leggje ein plan for å handtere den flyktningkrisa vi står i, seier innvandringspolitisk talsperson Mari Holm Lønseth i Høgre.
Også Frp synest innstrammingane er godt nytt, men meiner at dei samla ytingane framleis er for høge.
– Vi har gått i feil retning, og no er vidt nøydde til å finne tilbake til eit rett nivå. Vi skal hjelpe ukrainarar, og vi skal hjelpe dei som er på flukt, men samtidig ta omsyn til dei som allereie har komme. Det byrjar å bli veldig krevjande for kommunane.