NPK-NTB: Frå august skal prisen på riks- og fylkesvegferjer bli halverte samanlikna med takstnivået i 2021, foreslår regjeringa i statsbudsjettet.
Regjeringa vil også prioritere gratis ferje for alle øysamfunn som ikkje har fastlandssamband.
Det kan bety fleire titusen spart for øybuarar, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
– Ein familie som tek ferja Molde-Vestnes på E39 to gonger per arbeidsdag, vil neste år betale 17.900 kroner mindre enn dei gjorde ved inngangen til 2021. Det vil gjere ein forskjell. I 2024 vil dei spare 23.100 kroner, seier han.
(©NPK)