nyhende

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) kjem med nye grep for fastlegeordninga. Foto: Thomas Fure / NTB / NPK
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) kjem med nye grep for fastlegeordninga.

Regjeringa endrar fastlegeordninga – innfører plikt til å tilby videokonsultasjonar

Regjeringa varslar tre grep for å modernisera fastlegeordninga. Dei vil no krevja at alle legar tilbyr booking på nett og digitale konsultasjonar på video.

Publisert Sist oppdatert

I tillegg blir det starta opp ei ny prøveordning med digital allmennlegeteneste.

– Når du ikkje får time hos fastlegen din, eller timen ikkje passar, skal du kunna velja å få ein digital konsultasjon hos ein annan lege som kommunen har avtale med, for førespurnader som er eigna for det, opplyser regjeringa i ei pressemelding.

Meir tilgjengeleg på nett

Ferske undersøkingar viser at innbyggjarar spør etter meir tilgjengelege og digitale legetenester, opplyser regjeringa.

– Det er langt fleire innbyggjarar som ønskjer videokonsultasjon, enn dei som får det tilbodet i dag.

Den nye plikta går ut på at fastlegar må tilby digitale legekonsultasjonar på video, tekst og telefon for førespurnader som er eigna for det.

I tillegg må alle fastlegane tilby timebestilling via Helsenorge.no. Mange av dei gjer det allereie.

Tek opp konkurransen

Det var TV 2 som omtalte saka først.

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) viser til at den offentlege fastlegeordninga har møtt aukande konkurranse frå private alternativ som Dr. Drop-in og Volvat i mange av dei store byane.

– Då er det viktig at den felles helsetenesta vår heng med i den teknologiske utviklinga, seier han til kanalen.

Han ønskjer at fastlegane skal tilby meir fleksible løysingar.

– Me ønskjer at den offentlege allmennlegetenesta skal vera så god at ho er førstevalet til innbyggjarane. Då må me òg henga med i svingane og tilby digitale løysingar som tilfredsstiller dei forventningane folk har i eit moderne Noreg.

Powered by Labrador CMS