nyhende

Redusert opningstid i banken

Ein ny sveibu og ei oppseiing er årsaka til at Haugesund Sparebank i Sveio no har redusert opningstid.

Publisert Sist oppdatert

Vestavind kom til stengt dør då avisa skulle leverast torsdag føremiddag, og hjelpte i staden eit ukrainsk par å få kontakt med banken på telefon.

Kort tid etter var det ein eldre mann som prøvde å koma seg inn utan hell. Han såg berre det vanlege skiltet med opningstider for heile veka, og blei oppgitt då Vestavind viste han plakaten på vindauga ved sidan av døra.

Drop in to dagar i veka

På plakaten står det at det er drop in måndag og onsdag. Det er også sendt ut melding i nettbanken til kundar i Sveio.

Årsaka til redusert opningstid er bemanningssituasjonen, får me opplyst når me ringer hovudkontoret i Haugesund.

– Avdelingsleiaren har sagt opp, og rådgivaren er i mammapermisjon. Det siste er jo bra for folketalet i Sveio, men me har dessverre ikkje folk til desse stillingane per no. Difor løysinga med vanlege opningstider og drop in måndag og onsdag. Onsdag er også langdag, seier Rolf Lillehammer, banksjef personmarked.

Uvisst kor lenge

– Kor lenge vil denne perioden vara?

– Det veit me ikkje, men både faste kundar og andre kan avtala møter alle dagar i veka. Då kjem det rådgivar frå eit av dei andre kontora våre. Folk kan ringa oss alle dagar, og er sjølvsagt velkomne til Haugesund. Om kort tid vil me også opna kontor på Stord.

Lillehammer understrekar at banken ikkje har planar om å legga ned i Sveio.

– Me har vore lenge i Sveio og vil halda fram her. Me er også banken til kommunen. Men med berre to personar på eit kontor, kan det vera sårbart. Som situasjonen me no har.

Powered by Labrador CMS