nyhende
Redusert fart i Bømlafjordtunnelen etter kollisjon
Personbil og bubil kolliderte nær utløpet på sveiosida av tunnelen.
Sør-Vest politidistrikt meldte klokka 15.17 at Bømlafjord-tunnelen blei stengt i begge retningar. Årsaka var ein påkøyrsel bakfrå. Tre personar var involvert. Fleire av dei klaga på vondt i nakken, men var elles oppegåande. To av dei blei sendt til sjukehus med ambulanse.
Klokka 15.46 blei tunnelen opna med redusert fart, og politiet dirigerer trafikken på staden.
– Det blir jobba med å få fjerna bilane no. Det er dårleg dekning i tunnelen, og så eg kan ikkje seia kor langt dei har kome, seier operasjonsleiar Helen Rygg Ohm klokka 16.40.