nyhende

Reduserer planane for Vigdartun

Måndag kveld gjorde formannskapet eit vedtak i fire punkt som inneber at planlegginga av delar av prosjektet blir stoppa.

Publisert Sist oppdatert

Meir ansvar til idretten

Formannskapet ønskjer også at idretten skal ta eit større ansvar for vidare utbygging av idrettsanlegg i framtida. Rådmannen fekk i oppdrag å gå i dialog med Sveio idrettsråd og Sveio Idrettslag for å avklara om dette eventuelt er ein mogleg modell.

Det var i eigenskap av styringsgruppe for nyskapande aktivitetsanlegg formannskapet gjorde sitt vedtak måndag. I neste omgang vil dette føra til at nye saker som blir lagde fram for hovudutval, formannskap og kommunestyre.

Vil byggja hall

Formannskapet vil gå vidare med hallen ut mot Sveiogata som skal romma tre fleirbrukssalar som skal skiljast frå kvarandre med foldedører. Dette skal gjerast så kostnadseffektiv som mogleg og skal ikkje integrerast mot eksisterande bygningsmasse på ein slik måte at det løyser ut krav til endringar eller oppgraderingar av eksisterande bygningsmasse eller tekniske anlegg, heiter det mellom anna i vedtaket.

Planlegging av øvrige delar blir stoppa. Naudsynte og lovpålagde endringar av eksisterande Vigdartun må takast som sjølvstendige politiske saker når prosjektet med ny idrettshall er ferdig.

Når det gjeld det som blir kalla «ytterlegare idrettsflate»,  ønsker formannskapet å få dette realisert og drifta gjennom eit prosjekt kor idretten sit i førarsetet og syt for prosjektleiing og gjennomføring. Sveio kommune sitt bidrag vil då primært vera finansiering og praktiske oppgåver som idretten treng støtte til, og der det er naturleg at  kommunen kan bidra.

Ville støtta kulturskulen

Vedtaket er i tråd med eit forslag som blei presentert av Rune Teikari (Frp) på vegne av fleirtalskoalisjonen og Tverrpolitisk Fellesliste. Linn Therese Erve (Ap) støtta også tre av dei fire punkta i forslaget.

Erve ville likevel også gå vidare med planane om oppgraderte lokale til kulturskulen, og ville dessutan også prioritera auditorium og kjøkken. Dette forslaget fekk berre hennar eiga stemme.

Powered by Labrador CMS