nyhende
Reduserer kapasitet for å førebu mottak av covid-19-pasientar
Frå neste veke blir mykje av planlagt aktivitet i Helse Fonna redusert, slik at ein er i stand til å ivareta kritiske funksjonar, og ta imot fleire pasientar med covid-19.
– Me er inne i ein fase der det er naudsynt å redusera aktiviteten. Det meste av planlagt kirurgi ved alle tre sjukehusa i føretaket blir utsett, men mellom anna pasientar med mistanke om kreft og barn under 18 år blir skjerma. Eg er lei meg for at me må redusera tilbodet til pasientane våre, men me må nå førebu oss på å ta i mot mange fleire pasientar med covid-19, både på vanlege sengepostar og på intensivavdelingane, seier adm. dir. i Helse Fonna, Olav Klausen i ei pressemelding.
Utvidar pandemimottak
Også poliklinisk aktivitet vert redusert, i litt varierande grad rundt om på avdelingane. Dei pasientane som blir råka vert kontakta.
Reduksjonen i planlagt aktivitet vil halda fram til over påske, det vil seia til og med 5. april. Det vert i tillegg gjort fleire grep dersom det kjem fleire koronapasientar kommande veke. Ved Haugesund sjukehus førebur ein arbeid med kohortavdeling nummer to, og pandemimottaket vert utvida. I tillegg er det teke kontakt med kommunane, i håp om at dei kan ta imot fleire utskrivingsklare pasientar.
9 pasientar fredag morgon
Helse Fonna gjekk onsdag over i gul beredskap, og har innført strenge besøksrestriksjonar.
Fredag morgon var det innlagt 8 pasientar med covid-19 på Haugesund sjukehus. Ein av desse får intensivbehandling. I løpet av morgontimane kom det også inn ein koronapasient på Stord sjukehus, den første på fleire veker.
– Det gledelege oppi dette er at det sidan i går er to pasientar som ikkje lenger treng intensivbehandling. Blant anna er pasienten under 18 år no formelt utskriven frå intensivavdelinga. Det er eg svært glad for, seier Klausen.