nyhende

Redd spora etter Valen skal forvitra

Spora etter misjonsprest Arne Valen frå Valevåg er framleis synlege på Madagaskar, fleire stader og på mange måtar. Ein del av arven frå han og dei andre pionerane er likevel i ferd med å forfalla.

Publisert Sist oppdatert

Arne Valen (1844-1906) frå Valevåg, far til komponisten Fartein Valen, drog til Madagaskar som misjonær i 1874. Kjærasten Dorthea Mortensen Ulvevadet kom to år seinare. Dei gifta seg og arbeidde saman ulike stader på øya til 1894. Historia deira er fortalt i boka «Eitt liv – mange songer» av Kolbein Espeset, som kom ut i 2003.

Dette portrettet av misjonsprest Arne Valen heng på ein vegg i eitt av dei gamle husa og minner nye generasjonar om pioneren frå Valevåg.

«Ferdighus» frå Noreg

Arven etter pionermisjonærane er mangfaldig. Til den materielle delen høyrer mellom anna fire tømmerhus som Arne Valen og Lars Røstvig fekk frakta frå Noreg og sette opp i Tulear på Sørvest-Madagaskar i 1880.

Desse bygningane blei sette i stand til 100-årsjubileet i 1980, men seinare har det vore så som så med vedlikehaldet. No er det behov for ein ekstra innsats for å ta vare på dei, seier haugesundaren Stig Morten Bråthen.

Sidan 2018 har han og kona hans besøkt Madagaskar seks gonger. Kvar gong har dei vore der i tre veker. Dei har fått god kjennskap til arbeidet som Det Norske Misjonsselskap (NMS) har lagt ned i den austafrikanske øystaten og som no blir vidareført av den gassiske lutherske kyrkja.

Stig Morten Bråthen i Haugesund viser fram kopi av eit skrin som skal ha vore om bord i misjonsskipet «Elieser». Skrinet har påskrifta Elise. Elise var kona til «Elieser» sin mangeårige kaptein Nils Landmark.

Særleg er dei blitt godt kjende med det arbeidet den legendariske pionermisjonæren Laila Sivertsen (84) og verksemda hennar. Ho kom til Madagaskar for over 60 år sidan, har adoptert fem born som no er vaksne og leiger husvære i Villa Røstvig i Tulear, eitt av dei fire tømmerhusa frå Noreg som pionerane fekk sett opp. Der har ekteparet Bråthen vore gjester og fått innsyn i det arbeidet den aldrande kvinna frå Østfold framleis driv.

Må bevarast

Ved sida ligg Villa Valen og dei andre bygningane side om side. Her heime ville gjerne misjonsstasjonen med desse historiske husa blitt freda vedlikehalden med tilskot frå styresmaktene. Madagaskar har ikkje dei same ordningane som Noreg. Og dagens formelle eigarar, den gassiske lutherske kyrkja, har ikkje penger til å ta vare på bygningsmassen. Difor utfordrar Bråthen norske misjonsvener til å bidra.

– Eg er heilt samd i at desse bygningane må bevarast, men det er ikkje noko eg har engasjert meg i, seier forfattaren Fartein Horgar (70).

Laila Sivertsen (84) leiger husvære i Røstvig-huset frå 1880.

Hans foreldre, besteforeldre og oldeforeldre har også vore misjonærar på Madagaskar. Som misjonærbarn er Horgar kalla opp etter eit anna misjonæbarn – Fartein Valen – utan noko form for slektskap.

Etter debuten med ei diktsamling i 1980 har han gitt ut ei rekke bøker. Mest kjent er romanserien «Vestindiakvintetten», som omhandlar nordmenn si rolle som kolonistar og  slaveeigarar i Dansk Vestindia. Horgar er no i ferd med å samla stoff til ei reiseskildring i misjonærane sine fotspor.

– Eg har vore på to reiser til Madagaskar dei to siste åra og planlegg ei tredje reise neste år. Når boka blir ferdig veit eg ikkje, men Arne Valen er heilt klart ein av dei som vil bli omtalt. Han er ein av dei viktige pionerane, seier Horgar til Vestavind.

Ordna transporten sjølv

Horgar kjenner til fleire hus som blei prefabrikerte i Noreg og sende til ulike misjonsstasjonar på Madagaskar, ikkje berre til Tulear. Denne svært tidlege eksporten av ferdighus skjedde med NMS sitt eige skip, barken «Elieser». Båten og namnet må ikkje forvekslast med Den Indre Sjømannsmisjon sine betelskip – seks i talet – som også har bore namnet «Elieser».

Det Norse Misjonsselskap sitt første misjonsskip, «Elieser», blei bygd i Bergen og sjøsett i 1865. Det gjorde teneste for NMS til 1884 og blei då erstatta av eit nytt skip, «Paulus».Illustrasjon frå boka «I misjonærfart med kaptein Landmark og Elieser» av Edle Solberg.

NMS sitt skip blei bygt i 1865 etter initiativ frå ei kvinne i Bergen. «Elieser» gjorde teneste for NMS i 20 år før det blei erstatta av misjonsskipet «Paulus». Føremålet med misjonsselskapet si verksemd som reiarlag var å sikra misjonærane trygg og sikker reise til å frå misjonsmarkene sine. Skipa frakta også diverse utstyr til misjonsarbeidet, og tok innimellom også last for andre oppdragsgjevarar og sikra dermed inntekter til drifta.

Då Arne Valen reiste ut første gongen i 1874, gjekk ferda også med «Elieser». Frå han gjekk om bord i Stavanger til han var framme ved reisemålet, tok turen fem månadar. Til samanlikning fortel Bråthen at reisene deira har tatt 19 timar med fly, inkludert fire flybyte.

Ikkje misjonen si oppgåve

Etter snart 200 år med norsk misjon finst det mange verneverdige kulturminne  på ulike kontinent. Ein av dei som kjenner mange av desse, også på Madagaskar, er Nils Kristian Høimyr. Han har hatt ulike oppgåver innan NMS, som er det eldste av dei norske misjonsselskapa. Mellom anna var han i mange år ansvarleg for selskapet sitt arkiv.

– Det kan ikkje vera misjonen si oppgåve å ta vare på kulturminna. Ingen misjonsselskap har pengar til det. Sjølv har eg prøvd å skaffa pengar til ulike verneprosjekt, mellom anna kyrkjegardar både i Afrika og Kina. Det har ikkje vore lett.

Stig Morten Bråthen i Haugesund med Madagaskar sitt flagg. Flagget og ei rad andre gjenstandar frå den afrikanske øystaten prydar stova hans heime i Rogalandsgata.

Høimyr kjenner også til dei omtalte husa i Tulear. Og han veit om endå fleire bygg som blei prefabrikerte i Noreg og sette opp igjen på gassiske misjonsstasjonar. Tre kyrkjer skal vera blant desse. Det har vore stor interesse for desse husa, både i Noreg og blant norsk-amerikanarar i USA.

– Samarbeid med kommunen i Tulear kan vera ei mogleg løysing, seier han.

Høimyr har eksempel på at andre bygg av historisk interesse har fått vernestatus også på Madagaskar. Når det gjeld pengar til restaurering, meiner han dette i stor grad vil vera avhengig av innsatsen til etterkomarar eller andre interesserte med tilknyting til misjonsarbeidet.

Mest interessant for norske

Men kvifor skal kulturminne etter norsk misjon i utlandet  vernast? Kven har glede av det?

Læraren, forfattaren og bloggaren Margit Vea har også eit forhold til Villa Røstvig og dei ande gamle tømmerhusa i Tulear. Seinast i haust har ho vore der på besøk hos Laila Sivertsen, som var læraren hennar i første klasse på den norske skulen på Madagaskar. Vea kjem opphavleg frå Skudeneshavn og bur no i Haugesund. Ho hadde delar av oppveksten sin på Magdagaskar mellom 1972 og 1982, der foreldra var misjonærar.

Dette er Valen-huset på Madagaskar. Solid bygd av norsk tømmer, men prega av forfall og dårleg vedlikehald.

– Me drog på ferie til Tulear. Eg hugsar dei gamle husa i typisk kolonistil. No då eg var tilbake såg eg at dei var i svært dårleg stand. Eg forstår at misjonsvener i Noreg kan ha interesse av å restaurera dei, men kven skal stå for vedlikehaldet etterpå? Den gassiske kyrkja har ikkje same forholdet til desse bygningane og til mykje av det arbeidet misjonærane sette i gang. Difor ser me at mykje av dette blir forsømt, seier Vea.

På den andre sida ser Vea mykje godt arbeid som kyrkja på Madagaskar har sett i verk på eige initiativ og som dei brenn for. Ho meiner det er viktigare å støtta dette arbeidet enn å ta vare på kulturminne som først og fremst har verdi for nordmenn.

Powered by Labrador CMS