nyhende
Regjeringa sitt forslag om tilbakebetaling av studiegjeld:
Redd for å sitja igjen med svarteper
– Eg set pris på at regjeringa ynskjer å ta grep for å sikra at ungdomen buset seg i distrikta, men slik ordninga er presentert no vil me tapa både mot sentrale kommunar og det regjeringa definerer som utkantkommunar, seier Sveio-ordføraren.
Som ordførar i ein liten distriktskommune, er André Mundal Haukås (H) redd for å bli sitjande igjen med svarteper i regjeringa sitt framlegg for å styrka distrikta.
Får sletta studiegjeld
Satsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) presenterte det nye forslaget under eit besøk i Hellesylt på Sunnmøre onsdag. Frå januar 2026 skal unge som buset seg i ein utkantkommune etter fullført utdanning, få sletta 25.000 kroner av studiegjelda si kvart år. Vilkåra er at dei er yrkesaktive og blir buande i utkantkommunen i minst eitt år. I Finnmark og Nord-Troms vil dei få sletta 60.000 kroner av studiegjelda kvart år. Ordninga vil gjelda for 212 distriktskommunar, og regjeringa reknar med at prislappen blir 1,3 milliardar kroner.
Ordninga skal gjelda både for dei som tek fagbrevutdanning innan den vidaregåande skulen og dei med utdanning frå høgskule og universitet.
Fell utanfor
Statistisk Sentralbyrå (SSB) har delt kommunane inn i seks kategoriar der ein er dei mest sentrale, seks dei minst sentrale. Det er kategoriane fem og seks som får nyta godt av ordninga med tilbakebetaling av studielån. Sveio er i kategori fire og får ikkje del i ordninga, og heller ikkje Tysvær. Det får derimot nabokommunane Bømlo, Kvinnherad, Etne, Fitjar, Vindafjord, Sauda, Suldal, Bokn og Utsira.
– Ein ungdom frå Sveio som vil flytta tilbake til Sunnhordland etter fullført utdanning, kan difor lett velja Bømlo eller Kvinnherad framfor oppvekstkommunen for å få sletta studiegjeld samstundes som dei får bu relativt nær slekt og vener i Sveio, seier Haukås.
Han påpeikar at det er eit marginalt skilje mellom Sveio i kategori fire og dei kommunane som er plasserte i kategori fem.
– Me definerer oss kvar dag som ein distriktskommune som ligg «midt i leio» mellom Haugesund og Stord, seier ordføraren.
Prøver å påverka
Haukås seier fleire kommunar er i same situasjon som Sveio, og nemner Samnanger i Vestland som eitt eksempel. Sveio-ordføraren. Han vil no ta kontakt med lokale stortingsrepresentantar og freista å overtyda dei om at ordninga vil slå svært skeivt ut nokre stader.
– Eg har alt snakka med Liv Kari Eskeland (H) og vil kontakta lokale representantar for Arbeidarpartiet og Senterpartiet dei næraste dagane, seier Haukås.
Nyordninga som statsministeren og finansministeren presenterte på Sunnmøre onsdag, er ein lekkasje frå regjeringa sitt budsjettforslag for 2025, som skal presenterast 7. oktober.
Ulike reaksjonar
Regjeringa sitt forslag har fått ulik mottaking. Ifølge Bergens Tidende seier SV sin utdanningspolitiske talsperson Grete Wold velkommen etter og varslar støtte til forslaget. Unge Høgre meiner derimot at det ikkje er dei som buset seg i distrikta, der levekostnadene er låge, som treng økonomisk støtte.
Studentar NTB har snakka med, er også delte i synet på forslaget. Dei som kjem frå utkantkommunar og ønskjer å flytta heim igjen etter ferdig utdanning, er svært nøgde. Andre meiner pengane heller burde vore brukt til auka støtte i sjølve studietida.