nyhende

Reaksjonar på høg fart i Ålfjorden i sommar

Sveio kommune har i sommar fått klage på høg fart utanfor Vågakaien og Kvalvåg i Ålfjorden. Politiet og Karmsund Havn er informert om tilbakemeldinga.

Publisert Sist oppdatert

Tidlegare i sommar fekk Sveio kommune klage på høg fart på fartøy i Ålfjorden, spesielt retta mot området rundt kaien på Våga og Kvalvåg. Både barn, unge og vaksne blir «angitt» i klaga.

På fine sommardagar er det travelt i kiosken på Våga, då er det også mykje båttrafikk. Etter det Håvard Børgesen Mo (14) har registrert dei dagane han har stått i kiosken, held dei fleste respektabel fart.

– Sjølv vaksne folk har null peiling på at det er 5 knop 50 meter frå land frå badande. Eg tok dette opp med ein som kom inn i over 20 knop, og blei berre ledd av, og fortalt at det ikkje er skilt og ingen reglar i Sveio, seier innsendaren, som lurer på om det er mogleg å få opp skilt der det er mest aktlaus køyring.

Tatt opp på Facebook

Temaet blei omtrent på same tid, i slutten av juni tatt opp i ei Facebook-gruppe for dei som har fritidsbustad ved Ålfjorden. Gunn Janne Fjetland delte si bekymring med medlemmene, som ein påminnar til alle som ferdast på sjøen.

«Vi blir bekymret over at noen store båter og vannscootere kjører forferdelig fort ved Våga i Ålfjorden. Gang på gang så ser vi at kajakker og andre småbåter får problemer når disse råkjørerne fyker avgårde i stor fart her. Folk bader også på strendene og badebrygger her, og noen ser seg ikke om. Nå er vi redde for at det snart smeller og liv går tapt om denne galskapet får fortsette (…)»

– Eg synest det blei betre like etter innlegget. Nå er eg vekkreist på jobb, såg eg veit ikkje korleis det er no, men eg håpar folk tar omsyn, seier Fjetland.

Politiet er informert

Sidan det er Karmsund Havn IKS som følgjer opp Havne- og farvannslova i Sveio, er det Lars-Erik Labori, sikkerheits- og beredskapsleiar i Karmsund Havn som kan svara på slike tilbakemeldingar.

– Me har informert politiet om at det blir opplevd mykje aktlaus ferdsel i området, og anmoda dei om at dei tar seg nokre turar til området når dei er ute og patruljerer sjøvegen no i sommar, seier Labori, og viser til at det er politiet som handhevar fartsforskrifta til sjøs.

I Vågskjeften, vest for Melketangen er det tillate å føra fartøy inntil 5 knop. Kart: Skjermdump frå kystverket.no

Krav til aktsamheit

Nokre områder i Sveio har fartsavgrensingar, Nordre Kvalvågen er ein av dei. 5 knop er det høgaste fart eit fartøy kan ha frå Vågskjeften og inn. For alle andre område er det den sentrale forskrifta som gjeld:

«Enhver som fører et fartøy skal utvise forsiktighet og avpasse farten etter sikt- og farvannsforholdene, fartøyets størrelse, konstruksjon og manøvreringsevne, slik at det ikke ved bølgeslag eller på annen måte oppstår fare eller voldes skade eller ulempe for personer, herunder badende, kano- og kajakkpadlere, andre fartøyer, kaier, akvakulturanlegg, strandlinjer, dyre- og fugleliv og omgivelsene for øvrig.»
§ 2.Krav til aktsomhet iForskrift om fartsgrenser på sjøen

Innspelet frå observatøren blir registrert som ønske til område med eige behov for regulering av fart når gjeldande fartsforskrift skal regulerast, men å setja opp skilt på førespurnad er ikkje noko Karmsund Havn kan gjera før dette området har blitt definert i ei lokal fartsforskrift.

– Me må vurdera korleis oppdateringa av den sentrale fartsforskrifta bli gjeldande rundt i vårt distrikt, før me kan starta arbeidet på den lokale igjen, forklarar Labori, som takkar for tilbakemeldingar frå hamnedistriktet.

Mannskapet på Karmsund Havn sin uniformerte vaktbåt er varsla om at dei er ønskja på ein førebyggjande tur innom Ålfjorden.

Lars-Erik Labori i Karmsund Havn tipsar om Kystverket sin nye mobilapp BåtFart, som i sanntid viser båtførarar kor stor fart dei held, og gjeldande fartavgrensing.

Powered by Labrador CMS