nyhende
Reagerer på tagging med hatefulle ytringar
Nokon har mala hatefulle ytringar mot jødar, Stortinget og journalistar i fotgjengarundergangen i Førde. Fleire i lokalsamfunnet reagerer.
«Jehovakulturen styrer Norge» og «Jehovajøden styrer Sortinget (staten) og journalistene» er mellom ytringane som er skrive med spraymaling i undergangen i Førde.
— Det er ikkje første gongen det skjer. Også i 2020 blei det skrive liknande ytringar, og på same vis som no, fortel Ingunn Westergaard Hidle.
Ho bur i Førde, har fotografert herværket og publisert bileta på Facebook-gruppa «Ka skjer i Førdebygda». Der har mange gitt uttrykk for at dei synes det er trist at nokon ka få seg til å skrive slike ting.
Hidle seier at ikkje ho sjølv ikkje blir skremd av innhaldet, men synes det er særs unødvendig å gi uttrykk for sine haldningar på ein slik måte.
— Eg forstår ikkje kven som står bak, seier ho.
Også i Haugesund og på Stord
På Facebook-veggen kor bilda er publiserte, blir det stilt spørsmål om det kan vere utanbygds folk som står bak. Ifølgje ei kvinne som har kommentert innlegget, skal liknande ytringar vere malt på same måte og med lik maling i ein undergang ved Lillesund skole i Haugesund.
Bladet Sunnhordland skriv om at liknande tagging skjedde på Stord på den internasjonale holocaust-dagen 27. januar.
Ein annan tipsar, som ønskjer å vere anonym, seier til Vestavind at han reagerer veldig på ytringane.
— Det er jo regelrette hatmeldingar. Det ser jo nesten ut som dei er skrive med blod, seier han.
Han synes det er leit, og meiner hatefulle ytringar ikkje høyrer heime ein slik stad, og fryktar at dei kan skape ubehag for folk i alle aldrar.
— Det bur jo dessutan fleire folkeslag i bygda. Og det bør ikkje vere grunnlag for å hate nokon om dei kjem frå ein anna plass, eller har ein anna religion, enn ein har sjølv, meiner han.
Håpar det blir fjerna
Ingunn Westergaard Hidle håpar ytringane blir mala over så raskt som mogeleg, og føreslår at nokon burde få lov til å dekorere undergangen på skikkelig vis.
— Kanskje den får lov å vere i fred då, seier ho.
Vestavind har kontakta Statens Vegvesen, som eig undergangen, for å få ein kommentar.
Dei svarar i ein e-post til at etaten er takksam for å bli varsla om saka.
— Eg har videreformidla dette til Mesta, som er vår driftsentreprenør, slik at dei kan fjerne eller male over dette, skriv fagkoordinator for drift i Statens Vegvesen, Ove Hausvik.