nyhende
Unge menn ser på 52-åringar som gamle
Unge mellom 18 og 24 år ser på folk i 50-åra som eldre, og berre ein av tre ønskjer å bli gamle. Men desto eldre folk blir, jo lysare ser dei på resten av livet.
Synet på når ein er gammal, endrar seg med alder. Medan unge vaksne synest folk i 50-åra er gamle, vil personar i aldersgruppa 55–70 år sjølv setje grensa ved rundt 73 år – og kjenne seg yngre når dei først kjem dit. Utsegnene er henta frå ein fersk studie som gir innblikk i tankane til befolkninga omkring aldring.
Direktør Kari Østerud i Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv, som står bak undersøkinga, er ikkje spesielt overraska.
– Det stadfestar noko eg har vore bekymra over: At vi har eit overvegande negativt syn på alder og aldring, seier ho til NTB.
Ja takk til langt liv, nei takk til å eldast
Det er Respons Analyse som har gjennomført undersøkinga. Det er gjort 2.100 intervju med personar i alderen 18-70 år, der dei har snakka om kva alder dei definerer som «gammal», og tankar rundt eiga aldring.
Dei fleste er samde i utsegner med litt positiv ordlyd: 84 prosent av befolkninga ønskjer å leve lenge, medan 75 prosent ønskjer å halde seg unge.
Når ordet «gammal» kjem inn, svarer aldersgrupper ulikt. Det er dei eldste som er mest samde i at «det er mykje bra ved å bli gammal».
Berre 35 prosent i aldersgruppa 18-24 år er samde i påstanden «eg ønskjer å bli gammal», medan andelen aukar med alderen, til 57 prosent blant dei over 55 år.
Vestleg syn på alderdom
44 prosent seier dei gruar seg til å bli gamle, medan berre 14 prosent gler seg. Kunnskapssenteret har lenge påpeika det som litt urovekkjande at alder, lang erfaring og senioritet ikkje nødvendigvis blir sett på som noko positivt i den vestlege kultursfæren vår.
– Undersøkinga stadfestar at det framleis er ei utfordring. Mi bekymring er at det smittar over på andre ting i samfunnet, som i arbeidslivet, der eldre arbeidstakarar kan bli sett på som mindre attraktive, mindre produktive, mindre omstillingsdyktige. Det vil jo vere ei kjempeutfordring i framtida, der vi stadig vil få fleire arbeidstakarar over 50 år, seier Østerud.
– Det positive er at synet på aldring endrar seg når ein sjølv blir eldre. Erfaringa når ein blir eldre, er at det går jo heilt fint, eigentleg. Det er ikkje sånn at aldring er ein sjukdom. Det er ein heilt naturleg prosess. Noko blir redusert med åra, og noko blir betre, seier ho.
Utdatert bilete av eldre
Både frykt for å bli mykje sjuk eller få monaleg svekt minne er forhold som i stor grad bekymrar. Dessutan trur folk at det er fleire eldre over 70 år i landet, at det er fleire demente og fleire som treng dagleg hjelp, enn det som er tilfellet.
– Eg trur at vi er opphengde i litt gamle fotografi og tenkjer det der er kven gamle menneske er. Men no lever vi lenger og er friskare lenger. Mange beheld mykje av kapasiteten sin til langt opp i 80-åra, så det er eigentleg eit ganske lyst framtidsbilete. Men kunnskapen om det, den har nok ikkje nådd heilt igjennom, iallfall ikkje hos dei yngre, seier Østerud.
Ho etterlyser ein meir edrueleg samtale om kva dei demografiske endringane i samfunnet eigentleg inneber.
– Den såkalla eldrebølgja blir nærast omtalt som verdas undergang, det er det jo ikkje. Ein får også inntrykk av at aldring inneber å gå frå å bli 60 rett til 90 frå den eine dagen til den andre, der ein sluttar å jobbe og skal rett inn på sjukeheim. Så vi gløymer at det er veldig mange år imellom der ein er både frisk og oppgåande, og kanskje til og med kunne jobba eller bidrege til samfunnet lenger.
Den ultimate alderen
I undersøkinga vart folk også spurde kor gamle dei kjenner seg, og kor gamle dei ville vore, om dei kunne velje. Folk under 40 kjenner seg i snitt eldre enn dei er, medan dei som er eldre kjenner seg yngre enn dei er.
Samanlikna med faktisk alder kjenner heile 55 prosent seg yngre enn dei er.
70 prosent seier dessutan at dei ønskjer å vere yngre enn dei faktisk er. Blant dei yngste vaksne er det ein del som både kjenner seg og ønskjer å vere eldre enn dei er.
– Vi lever i eit veldig alderssegregert samfunn, der ein nesten berre er saman med folk på sin eigen alder. Det hadde vore ei spennande samfunnsutfordring å skape arenaer der ein møtest på tvers av alder. Vi burde vi sørgje for at unge og eldre ikkje berre sit ved sida av kvarandre, men at dei faktisk jobbar og pratar saman. Det trur eg kan vere med å bryte ned dei barrierane, seier Østerud.
Dette ser vi fram til og bekymrar oss for
Desto eldre vi blir, desto mindre bekymrar vi oss for framtida som gammal. Dessutan har vi fleire element i livet vi gler oss til.
Ting vi ser fram til med å bli eldre:
- Gjere meir som ein vil
- Vere meir saman med menneske ein likar
- Reise meir og oppleve nye stader og nye folk
- Ta livet meir med ro, slappe av og kvile
- Sleppe mange krav og forpliktingar
- Trene meir og dyrke friluftsliv
Ting vi bekymrar oss for med tanke på å bli eldre:
- Å bli mykje sjuk med åra
- At minnet skal bli betydeleg svekt
- Å måtte jobbe lenge for å få god nok pensjon
- Å få dårleg økonomi
- Å måtte slutte i jobben før ein har lyst sjølv
- Å bli sett ned på fordi ein ikkje lenger er i arbeid.