nyhende

Slik feirar Olena Kuznetsova påsken.

— Me har ikkje så strenge reglar for påske i Ukraina som her i Noreg

Påsken nærmar seg, og for mange blir påskedagane brukte på heilt ulike måtar. Me i Vestavind har spurt ulike sveibuar om korleis påsken deira ser ut.

Publisert

Dagens påskeenquete

Namn: Olena Kuznetsova

Alder: 28 år

Bustad: Sveio sentrum

— Feirar du påske?

—  Ja.

— Kva skal du gjera i påsken?

— Det blir ikkje som eg er vand med frå Ukraina, men eg skal treffa andre som også feirar påske. Me skal møtast og berre snakka saman. Diverre blir det ikkje påskekake slik som i Ukraina, for ingen bakar det her, og eg bakar det ikkje heller. Det blir mest eit møte med vener i påska. 

— Har du nokre påskefavorittar?

— Det er vanskeleg å seia, fordi me ikkje har så strenge reglar for påske i Ukraina som her i Noreg. Her les folk påskekrim og et sjokolade og appelsinar, men i Ukraina var det ikkje slik at ein måtte gjera bestemte ting. Så eg kan ikkje seia at eg har nokon spesielle favorittar.

— Kva er ditt beste påskeminne?

— Eg hugsar frå barndomen at foreldra mine og besteforeldra mine laga små leikar der me skulle finna sjokoladeegg og små sjokoladar, til dømes små sjokoladedyr. Det var ikkje ute i gata, men i ein hage i nærleiken av heimen. Det liknar litt på slik det blir gjort her no.

Powered by Labrador CMS