nyhende

Ein seglbåt med tre personar om bord fekk problem utanfor Ryvarden.

Tre personar plukka opp frå sjøen ved Ryvarden

Mannskapet på seglbåt måtte hoppa over bord.

Publisert Sist oppdatert

Klokka 12.15 laurdag sette Hovudredningssentralen Sør-Norge (HRS) i gong ein redningsaksjon etter at ein seglbåt med tre personar melde om problem i nærleiken av Ryvarden.

Kysvaktskipet «Bison» bisto med lettbåtar og kom fram til posisjonen i det mannskapet måtte hoppa i sjøen. Alle tre blei plukka opp og ivaretatt om bord på KV «Bison», melder HRS.

Påsketur

Ifølgje Bergensavisen var dei tre på veg sørover med ein nyinnkjøpt, eldre seglbåt. Planen var å frakta båten frå Bergen til Sørlandet i påskeferien.

Ein av dei om bord, Robert Gaustad, fortel til avisa at dei oppdaga at det var lite diesel att på tanken kort tid før dei runda Ryvarden. Kort tid seinare stoppa båten opp, dreiv mot land og gjekk på grunn.

Gaustad opplyser at båten, ein Maxi 999 frå 1990-talet, skal ha hatt ein drivstoffmålar som viste feil. Dei trudde difor at dei framleis hadde mellom 10 og 20 liter diesel att.

Medan Gaustad tok seg av naudmeldinga, gjorde dei to andre klart ankeret, skriv BA. Om lag 16 minutt etter mayday-signalet kom KV «Bison» til staden.

Det var då situasjonen forverra seg.

Ifølgje Gaustad trefte båten land og kanta over. Han og ein annan hamna i sjøen, medan tredjemann måtte hoppa fleire meter ut i vatnet.

Vakthavande redningsleiar Asbjørn Viste ved Hovudredningssentralen opplyser til BA at alle tre kom seg trygt om bord i redningsfartøyet og vart frakta vidare til Haugesund.

Ein av dei tre vart send til sjukehus med mogleg brot i armen, medan dei to andre kom frå hendinga utan alvorlege skadar.

Den nyinnkjøpte seglbåten gjekk det verre med. Ifølgje BA fekk båten eit stort hol og sokk.

Vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Anna Østensvik-Lu, opplyser til Vestavind at politiet ser på hendinga som ei ulukke og ikkje opprettar sak.

Powered by Labrador CMS