nyhende
Reagerer på planar om å riva kulturhistorie der slekta dreiv handelsstad
Knut M. Aastebøl tykkjer det er djupt tragisk at handelsstaden Mølstrevåg som forfedrane hans dreiv frå 1902, står i fare for å jamnast med jorda.
– Eg er redd dette er siste olje for dei gamle ærverdige husa som tilhøyrde handelsstaden Mølstrevåg, seier Knut M. Aastebøl. 56-åringen er fødd i Haugesund, no busett i Asker. I oppveksten var Mølstrevåg feriestaden framfor nokon.
At dei historiske husa i Mølstrevåg skulle rivast visste han ikkje før inntil ganske nyleg, då han blei tipsa av ein slektning.
Protestbrev
Det er Ølen Betong Gruppen AS som har kjøpt tidlegare Knutsen (Mathiesen) sin eigedom på rundt 700 mål i Mølstrevåg.
– Eg blei svært overraska og følte eg måtte berre tilkjennegi synspunkta mine, seier Aastebøl. I sin frustrasjon sette han seg ned og forfatta protestbrev, både til utbyggjaren Ølen Betong Gruppen AS, og til Sveio kommune.
– Eg håpar kommunen er i stand til å gå i dialog med Ølen Betong Gruppen AS om å setja i stand Mølstrevåg slik at det gagnar både det resterande området med bygningar, og Ølen Betong sitt behov for utviding. Tomta dei har kjøpt er etter det eg kjenner til meir enn stor nok til å byggja ut andre stadar, uten å rasera det som er gjenverande av den gamle handelsstaden, påpeikar Aastebøl.
Aldri snakk om restriksjonar
Dagleg leiar i Ølen Betong Gruppen AS, Atle Berge, har i sitt tilsvar til Aastebøl gjort greie for kjøpsvilkåra då verksemda overtok eigedomen i Mølstrevåg.
– Før me bestemte oss for å kjøpa hadde me møte med Sveio kommune og det blei ikkje opplyst om restriksjonar i disponering og bruk av arealet, berre eit enkelt forhold langt ute mot Ryvarden. Heller ikkje i salsprospektet var det nemnd noko om moglege restriksjonar for disponering og bruk av arealet relatert til desse bygningar og tomta rundt desse.
I brevet blir det peika på at dei to aktuelle bustadane på området var for dårlege for vidare bruk, og at verksemda ønskjer å byggja ein ny og bærekraftig framtid i Mølstrevåg, med mange arbeidsplassar.
Hardingehola
Området som Ølen Betong Gruppen AS ønskjer å planera gjeld også Hardingehola der dei gamle murane etter saltebuene står. Delar av dette er i dag disponert til hytter, fastbuande og utleigeverksemd som blir berørte ved at eigedomane deira blir planlagt og skal sprengjast vekk utan at dei sjølve ønskjer det.
Etter det Vestavind kjenner til består sjøområdet i Hardingehola av ålegras som er oppvekstområde for ein del fisk. Andre stader i landet er det tabu å røra slike område.