nyhende

Plast langs vegen ut til Ryvarden.
Plast langs vegen ut til Ryvarden.

Reagerer på landbruksplast langs turveg

Publisert Sist oppdatert

I naturen er me vane med å ha det reint og ryddig rundt oss når me går tur. Ein turgåar har i sommaren funne eit avvik som han håpar kan ordnast opp i, slik at også den godt brukte traseen frå Mølstrevåg til Ryvarden blir tilnærma plettfri.

Plast langs vegen ut til Ryvarden.

– Eg kom over ein del balleplast som slang ute på jordene langs vegen, sannsynlegvis etter vinterens sauefôring. Slik vil me vel ikkje ha det langs kommunen sin kanskje viktigaste turveg og ansikt utad, seier Kjell Mæland frå Auklandshamn til Vestavind, som oppmodar rette vedkommande til å rydda opp.

Torbjørn Larsen er leiar for Ryvarden beitelag, og kjenner til forureininga. Det er ikkje deira medlemer som har latt plasten ligga, den låg der då beitelaget tok området i bruk. Likevel har det blitt deira ansvar å få den vekk frå naturen.

– Me har lova kommunen at me skal rydda opp, det står på lista vår. Me kjem til å ha ein dugnad, seier Larsen.

Powered by Labrador CMS