Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Ravatn skriv om kjensler ein helst ikkje vil ha
Agnes Ravatn si nyaste bok «Gjestene» handlar om korleis ein kan samanlikne seg sjølv til ulukke. Ho vonar mange vil kjenne seg igjen i romanen, som ho fekk ideen til då ho sjølv gjekk i fella.
— Som forfattar skriv ein ofte om eigne kjensler og erfaringar utan at ein skriv om seg sjølv. Man undersøkjer «kvifor tenkte eg sånn?», seier Agnes Ravatn.
Ho har dekka på eit bord utanfor heimen sin i Valevåg og sat fram kaffi, vatn og noko godt i ei skål. Sola skin og omkring på tomta kan man sjå flott kulturlandskap og høyre brekinga frå nokre sauar. Både ved bordet og på trappa ligg det ein katt. Dei er brør med namn Nils og Blåmann.
— Dei vert nesten pressa til å låne ei veldig flott hytte i Oslos skjergard omringa av millionærar. Det startar ein kamp i hovudpersonen for å stogge misunning, seier Ravatn.
Sjølve boka rører ved eit fenomen ho trur fleire enn nokosinne vert påverka av, relativ deprivasjon.
— Det er misnøye i samanlikning med andre. Noko vi aldri har gjort så mykje som i dag, både grunna sosiale media og kor tilkopla me er, seier ho.
Dagdrøymde seg til ulukke
Ideen for boka fekk ho i desember i fjor og kom ut av ei hending som var alt anna enn negativ.
— Eg hadde skrive ein tekst til bladet «Julerosa», som Herborg Kråkevik er redaktør for. Me fekk begge mykje ros frå folk som takka for den, seier Ravatn.
Med hendene opptekne av å gjere klart pinnekjøtet, byrja hovudet hennar å dagdrøyme seg av stad.
— «Kva viss ho er så takknemleg at ho tilbyr oss å låne ei fin sommarhytte eller noko», tenkte eg. Så byrja eg å leve meg verkeleg inn i kva eg skulle gjere der, kva eg skulle finne på, ler Ravatn før ho fortset.
— Det eg sat igjen med når eg kom ut av dagdraumen var spørsmålet, «kvifor vert du sur av å bli tilbode å låne ei fin hytte?», seier ho.
Svaret ho kom fram til var at ho ikkje liker å samanlikne seg med andre, og kanskje ekstra mykje i eit flott hyttefelt. Den nedrige kjensla ho vanlegvis ikkje høyrer på kom krypande likevel, og ho gjekk i fella. Skrivinga på den nye romanen hennar starta den juleferien.
Livet fall på plass i Valevåg
Jamvel ho ikkje skriv om seg sjølv, har romanen ei kopling til korleis livet hennar har endra seg ved å flytte frå Oslo vest til Valevåg. Ho beskriv tida i hovudstaden som fin, men at ho kjente meir og meir på den menneskelege trongen til å vurdera seg sjølv opp mot andre. Med tinga på plass i Valevåg kjente det fort annleis ut.
— Etter at vi kom hit vart eg frigjort frå samanlikningsbehovet. Eg ser eit vanvitig rikt lokalsamfunn med mykje frivilligheit. Eg ser kor bra skulen og lærarane er, og kor bra borna mine har det, seier ho.
Valevåg har vorte ein så flott heim for Ravatn at det nesten går ut over forfattarskapet hennar, spøkjer ho. Ofte vil eins bekymringar og nevrosar vere ein slags kreativ bensin, men no har dei så lite makt at ho legg dei til side.
— Trur du nokon her samanliknar seg med deg?
— Nei, det handlar meir om kva ein kan bidra med her ute, seier Ravatn.
Ei av dei vanskelegaste avgjerslene med å skrive ei bok er tittelen, og denne gongen tok det litt mindre tid enn vanleg. Ein song frå Leonard Cohen, «The Guests», var noko ho kjende hadde ein bra klang.
— Vanlegvis gjev eg eit namn til sist, men denne gongen hadde eg det på førehand, seier Ravatn.