nyhende
Ravatn erobrar stadig nye land
Agnes Ravatn sin roman Fugletribunalet held fram med å selge internasjonalt. No har også Tyrkia bestemt seg for å utgi denne suksessromanen, som betyr at boka no kjem ut i 16 land.
Fugletribunalet kom ut i Noreg i 2013 til glitrande kritikkar, og mottok ei rekke prisar, inkludert P2-lytternes romanpris, Ungdommens kritikerpris, Bokbloggerprisen og PEN Translate Award. Dette kombinert med høge salstal i Noreg (over 35 000 selde bøker) gjorde at internasjonale forleggarar raskt fatta interesse for denne stemningsfylte romanen, fortel ei pressemelding frå Northern Stories.
15 land
I tillegg blei boka også omgjort til teaterstykke som gjekk for fulle hus ved Det Norske Teatret og Sogn og Fjordane Teater.
Når no det tyrkiske forlaget Iz har bestemt seg for å gi ut boka i Tyrkia, så er dei i godt selskap med forlag frå England, Frankrike, Tyskland, Sverige, Danmark, Italia, Spania, Tsjekkia, Litauen, Russland, Bulgaria, Estland, Ungarn og Island.
Gir inspirasjon
– Det har vore eit lite eventyr, seier Agnes Ravatn om den internasjonale suksessen.
– Eg hadde ikkje venta at ein roman om to menneske som prøver å finne tilbake til livet ved ein liten vestlandsfjord skulle ha så stor appell, men det er sjølvsagt utrulig kjekt. Og det gir masse inspirasjon for vidare arbeid.