nyhende

Ein ny rapport frå Røde Kors viser at eldre i kommunar med god økonomi har 37 prosent større sjanse for å få sjukeheimsplass enn dei i kommunar med dårleg økonomi. Foto: Frank May / NTB / NPK
Ein ny rapport frå Røde Kors viser at eldre i kommunar med god økonomi har 37 prosent større sjanse for å få sjukeheimsplass enn dei i kommunar med dårleg økonomi.

Rapport: Alvorlege omsorgsutfordringar for morgondagens eldre

Røde Kors åtvarar om store utfordringar i eldreomsorga fram mot 2050 i ein ny rapport som blir lagt fram tysdag.

Publisert Sist oppdatert

Rapporten, basert på analysar frå Statistisk sentralbyrå og Røde Kors sine eigne erfaringar, viser at både omfanget og kompleksiteten i omsorgsbehova vil auke kraftig med ei aldrande befolkning.

– Eldreomsorga er alle sitt ansvar men først og fremst eit offentleg ansvar. Vi må sørgje for at ingen fell utanfor, same kven dei er eller kvar dei bur, seier president Siri Hatlen i Røde Kors i ei pressemelding.

Fem utsette grupper

Rapporten identifiserer fem grupper som er særleg utsette: åleinebuande med låg inntekt, eldre utan pårørande, eldre innvandrarar, eldre skeive og den samiske eldrebefolkninga. Desse gruppene har ofte få sosiale og økonomiske ressursar og avgrensa tilgang til tilstrekkelege omsorgstilbod.

Røde Kors åtvarar mot ein todelt helsestruktur der bustad og familieforhold avgjer omsorgstilbodet og viser til at eldre som bur i fattige kommunar får dårlegare helsehjelp. I dag har eldre i kommunar med god økonomi 37 prosent større sjanse for å få sjukeheimsplass enn dei i kommunar med dårleg økonomi.

Må handle no

– Når éin av fire eldre som bur åleine ikkje har familie i nærleiken, og dette aukar til éin av tre i distrikta, seier det seg sjølv at vi må handle no for å vareta eldre i framtida, seier Hatlen.

– Eldreomsorga må vere eit felles ansvar. Vi må sørgje for at ingen fell utanfor, same kven dei er eller kvar dei bur, understrekar ho.

Powered by Labrador CMS