nyhende

Som mange andre med røter i vest, trivst Ragnar Hovland godt på Kaffistova. Foto: Jan Inge Fardal /NPK
Som mange andre med røter i vest, trivst Ragnar Hovland godt på Kaffistova.

Ragnar rundar 70 – framleis som ein slags introvert ekshibisjonist

Dagen før lunsjen i Kaffistova på sjølvaste kvinnedagen, kjem eg tilfeldigvis over eit videointervju som Ragnar Hovlands alter ego – Molla Olstad – ikledd Fantomdrakt ! – gjorde med Jon Fosse. Då blir spørsmålet – korleis fanga så mange sider som råd av dette nynorske forfattarfantomet ?

Publisert Sist oppdatert

Berre så det er klart, eg har møtt Ragnar fleire gonger før. Både i Sogn, Bergen og sist i Cardiff, der var me begge gjester i Olav Stedjes 66 årsdag. Og så har me litt felles bakgrunn. Både eg og forfattaren har eit nært og godt forhold til Luster kommune i Sogn. Sjølv er eg fødd der, Ragnar budde der nokre år frå 1963 som presteson.

Slik – så er dette kommunisert. Og i tillegg – bakgrunnen for at me gjer intervjuet nett no, har ikkje allverda med 8. mars og kvinnedagen å gjera, men mykje meir det faktum at Ragnar snart går inn i eit nytt tiår. Langfredag, den 15. april, rundar han 70.

Spennande kulisse

Kombinasjonen Kaffistova, kvinnedagen og karbonadesmørbrød med løk var ei spennande kulisse for intervjuet.

– Det å runda 70 er ikkje noko å feire. Alt går tregare – i alle fall det meste, energien er mindre, eg er snart inne på den siste oppløpssida, seier forfattaren etter å ha sett seg ned og takka ja til eit første glas raudvin, husets – kald og god.

– Forresten – når du tenkjer på alternativet, så er det vel noko der å vera litt glad for – likevel, legg Ragnar til på si nokså eineståande dialekt.

Me kan kanskje byrja nett der – kvifor Ragnar Hovland snakkar som han gjer? Han kunne nemleg ha snakka heilt annleis. Sjølv om morfaren, biskop Ragnvald Indrebø, var ihuga nynorskmann frå Jølster – der hovlandane framleis har ei familiehytte, snakka begge foreldra austlandsk. Heime var unge Ragnar to-dialektisk – han snakka austlandsk med foreldra og tilnærma, eller tilpassa, dialekt til dei han måtte vera.

– Eg blir til dømes litt dregen mot sognemaolet når eg er i Sogn, seier 69-åringen.

Etter å ha byrja på barneskulen i Strandvik i gamle Hordaland gjekk han dei siste åra på barneskulen i Dale i Luster, tok realskulen i Balestrand og så eit halvt år på gymnaset i Sogndal, før farens prestegjerning heldt fram i Stavanger. Dette har gjort at Sogn, og spesielt Luster, har ein stor plass i Ragnars hjarte.

Sogndal er laget

Og lat det ikkje vera nokon tvil: det er Sogndal som er favorittlaget. Det har det vore sidan cupfinalen i 1976. Han har vore på mange kampar med dei svarte og kvite, også i Tigerstaden. Så sjølv om han er fødd i Bergen, så vil han heia på sogningane når det lir på.

Det var også på barneskulen i Luster at unge Hovland forstod at han likte å skriva betre enn nesten noko anna. Rett nok tykte unge Hovland også det var kjekt å bresa seg i skibakkane gjennom å velja brattare bakkar enn alle dei andre.

– Det er i alle fall slik eg hugsar det, men elles var eg ikkje så fysisk. Eg var meir stillfarande i oppveksten, fortel han. Men han likte likevel å visa att – visa seg fram. Det var slik han litt seinare i livet sjølv kom på å beskriva seg som ein «introvert ekshibisjonist».

Her er me inne på litt av det som kan ha vore sjølve starten på forfattarkarrieren – gleda av å skriva stilar kom sterkare og sterkare fram på barneskulen i Luster. Det var mykje action, krim og spennande jakt på skurkar og bandittar, gjerne i det fjerne Austen, som prega stilane frå den stillfarne prestesonen.

Stilar med action

– Eg likte aldri oppgåver der me skulle drøfte ting, eller svare på noko konkret. Heldigvis kom det alltid ei oppgåve med tittelen «Vel sjølv». Då kunne eg gjere som eg ville. Eg laga føljetongar med dramatisk mykje spennande action i stil etter stil, minnest Ragnar.

Han angrar på at han ikkje tok vare på desse stilbøkene. Han trur det kunne vore moro å lesa så mange år etter – som 70-åring.

Men det var etter han flytta frå Sogn, som gymnasiast i Stavanger, at han fekk sine første tekstar på prent. Det var eit par dikt, på bokmål – i Rogalands Avis.

I det eit nytt glas med raudt kjem på bordet, hevdar mannen med meir enn 50 boktitlar på samvitet sidan debuten « Alltid fleire dagar» i 1979, at han eigentleg aldri drøymde om å bli forfattar. Han var meir lysten på ein karriere som privatdetektiv. Det hentar han i ein alder av snart 70 stadig oftare fram att via sitt alter ego Molla Olstad, som har eigen profil på Facebook. Her får du innblikk i ei anna av Hovlands spesielle interesser, nemleg lidenskapen for små figurar av ulike slag. Med stor innleving og stor kreativitet set Molla Olstad desse figurane inn i dei mest finurlege situasjonar.

– Eg har nokså mange små figurar kringom i huset, over alt, eigentleg. Dei kjem stadig vekk til nytte, seier den leikne forfattaren underfundig, mellom raudvinslurkane.

Refusert

Me snakkar oss gjennom studietida på 1970-talet, i Ragnars favorittby Bergen, som gjorde han både til det eine og det andre – også, som han seier, i stand til å bli lærar. Samstundes voks forfattarspira stadig sterkare fram. Namn som Kjell Aukrust, Dylan Thomas, Hamsun/Vesaas, Tor Åge Bringsvær og Jan Erik Vold kjem lett, når me er innom kvar han kan ha henta inspirasjon.

Etter eit par lærarvikariat på vidaregåande skule i Kvinnherad, der det siste året eigentleg var i ein kombinasjon med det som skulle bli romandebuten, innsåg han at han heller ville skriva bøker enn å stå bak kateteret. Då hadde han, me hadde nær sagt heldigvis, slutta å skriva bokmål, noko han dreiv med då han budde i Stavanger.

– Eg skreiv eit svært radikalt bokmål, innafor godkjent norm, men svært radikalt. Men di meir eg lytta etter korleis folk snakka, jo sikrare vart eg på at det ikkje var bokmål eg skulle bruka – men nynorsk. Det var ei slags forløysing, kan du seia. Og sidan har eg ikkje sett meg attende.

Men verken debuten «Alltid fleire dagar» i 1979 eller bok nummer 2 – «Vegen smal og porten trong» – kom lett gjennom i forlaga. Begge desse bøkene vart sende rundt til alle aktuelle forlag, og begge vart refuserte. Den første av to ulike konsulentar før sjefen sjølv, Olav Vesaas, greip inn og sa dette skulle bli bok.

Også andreboka vart grundig refusert, men etter at boka kom i den dåverande bokklubben og genererte rundt 400.000 kroner i årsinntekt til den ferske forfattaren – var verken han, forlagskonsulentane eller andre for den del, i særleg i tvil om korleis vegen vidare skulle bli.

Ein kapellan

I tillegg til den omfattande, allsidige og særprega forfattarskapen har Ragnar Hovland hovudfag i engelsk, fransk og litteratur frå Universitetet i Bergen, han har omsett eit femtitals bøker, han har vore lærarar på Skriveakademiet og vore festspeldiktar både her og der. Han har vunne ei endelaus rekke prisar og ikkje minst – han har skrive tekst til den låten som gjorde Odd Nordstoga til allemannseige her i landet – nemleg «Kveldssong for deg og meg».

Han er meir musikalsk enn som så. Litt i skuggen av den prislønte forfattarkarrieren er han nøkkelfigur i bandet «Dei Nye Kapellanane», som mellom anna har gjeve ut albumet «Living next door to Alice Cooper». Bandet, der Ragnar spelar orgel og syng – mykje andre stemme, har vore aktive i 30 år (NB: nok eit jubileum), og har spelt saman med – eller kompa ei rekke kjende artistar. Frå Olav Stedje via Åse Kleveland og Knut Reiersrud til Odd Nordstoga og dei har «Herr Nilsen» som sin favorittspelestad i Oslo.

– Me har det moro, mykje moro, seier Ragnar om bandet som er omtala slik på Wikipedia «Dei nye kapellanane er ei gruppe norske musikarar knytte til Det Norske Samlaget som spelar populærmusikk på nynorsk. Gruppa vart stifta i 1992 , og tok namnet frå Hans E. Kinck -novella «Den nye kapellanen».

Stamstad

Når neste glas vin kjem på bordet og Ragnar har vore ein tur i kjellaren, kjem det fram at han ikkje berre stortrivst i Kaffistova, nei – både for han og hans gode ven og kollega Jon Fosse er dette mest som ein stamstad å rekna.

Slik har det vore i mange år – heilt sidan han flytta til hovudstaden på grunn av kjærleiken til Tove Bakke som han gifta seg med 1996. Han har budd i Oslo i snart 30 år, dei siste 20 i rekkebustad på Nordberg.

– Eg trivst godt i Oslo, og kjem meg både til Bergen, Jølster og Sogn når eg har trong for det, seier Ragnar som til liks med fire av fem søsken er barnlaus.

– Det er berre eitt av mine søsken som har fått barn. Det er no slik me er laga, seier Ragnar som kan avsløra at alter ego Molla Olstad har med slektsnamn og oppveksten i Strandvik å gjera. Men no er det altså Oslo som gjeld, og her får eg også eg eit konkret døme på at det stemmer – at Ragnar har rett når han seier at han kan vera ein introvert ekshibisjonist,

Heng på veggen

For etter toalettbesøket avslører han at han har ein tekst i glas og ramme på veggen mellom mange foto i den andre enden av lokalet. Men sidan det sit ein kar ved dette bordet, må me venta litt før me kan rusla bort for å ta ein titt og kanskje ta eit bilete.

Då må me leggje inn eit venteglas med raud vin, og det har me både tid og høve til, denne dagen. Og då får me snakka litt om både det eine og det andre – som om oppdraget som spaltist på «Innsida» i Dag og Tid og ikkje minst at han er godt i gang med to nye bøker – ein roman og ei barnebok og at han satsar på at begge kjem ut til oss dette jubileumsåret.

Så kjem me nett innom Pappvinfestivalen han er ein sentral del av. Dette er ein festval for spesielt inviterte og har alternert mellom Sunnfjord, då Jølster og Stardalen og den siste gongen før pandemien – i Flåm.

– Av naturlege grunnar har det ikkje vore festival dei to siste åra, men i år ber det til att, konstaterer Ragnar i det mannen under tekst i glas og ramme reiser seg sakte og pakkar seg ut av lokalet. Då kan me ta bilete, og eg kan lese teksten:

Og jentene

på Kaffistova

Dei kunne jobben sin.

Auste opp kjøtkaker

og kål så det såg ut

som kyrkjemusikk.

Har drakta

Vel attende til bordet etter fotoseansen, er nok eit glas vin komme på bordet. No er det det siste, det er me heilt samde om – definitivt det siste – og då må eg få svar på spørsmålet som har lege og murra bak i nakken heile tida på Kaffistova:

– Kvifor i all verda intervjua du Jon Fosse i fantomdrakt?

– Og det i grotten, til og med? Hehe – du lurer vel på det. Nei, og diverre det er ikkje så genialt av oss som det nok kan sjå ut som ved første augekast. Dette var ein del av noko me kalla «Vestandsrevyen» – dette var del 2 – på vestlandske revyscener for nokre år sidan. Trur det var i 2011. Intervjuet som Fantomet (meg) gjorde med Jon Fosse, vart spelt inn på ein video og køyrt på ein storskjerm over scenen før kvar førestilling, minnest Hovland alias Fantomet som i dette intervjuet også kom med den nasjonale avsløringa av at sjølvaste Jon Fosse hadde kjøpt juletre av plast!

– Du – den fantomdrakta- har du ho framleis?

– Ja, drakta er pakka ned, eg er usikker på kvar, men ho er pakka ned og klar til bruk, trur eg, seier Ragnar før han – nesten som ein slags ånden som går – tømmer det siste glaset og ruslar ut i hovudstaden

(©NPK)

Molla Olstads univers : Alltid viktig å få kveitebollen velsigna i god tid før lunsj.
På veggen, over nedgangen til toaletta, heng tekst frå Ragnar Hovland i glas og ramme.

Fakta om Ragnar Hovland

* Ragnar Hovland fødd 15. april 1952

* Gift med Tove Bakke

* Norsk forfattar, omsetjar og forlagskonsulent fødd i Bergen. Han har gjeve ut over 50 bøker i ulike sjangrar, som dikt, romanar, sakprosa og dramatikk, med barn, ungdom og vaksne som målgruppe. Hovland skriv på nynorsk.

* Forfattarskapen er prega av «stor fabuleringsevne» og «burlesk humor med absurdistisk tilsnitt».

* Etter meir enn 20 prisar og utmerkingar sidan Kultur og vitskapsdepartementets debutantpris i 1980 , mellom desse Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen, fekk han i 2012 Aschehougprisen.

* I 1997 var Ragnar Hovland festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela

* I mai 2008 var han festspeldiktar til Dei Litterære Festspela i Bergen.

Kjelde: Wikipedia

Powered by Labrador CMS