Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Raggen har dømd i 50 år: – Eg har ambisjonar
Bak den lange karrieren ligg det hardt arbeid, mange timar i bil og ein snurrebart.
På Ekebergsletta står ein mann kledd i ei svart og signalgul jakke med ein ransel på ryggen. På beina har han joggesko med god sole, sokkar som strekkjer seg mot kneskålene og ein mørk treningsshorts.
– Eg får ikkje ete lunsjen min i dag då, seier han.
Jakka er open og innanfor skin ein enda sterkare oransjefarge. Skjorta har stram krage og to knappar etterfølgd av to brystlommer, der viktige reiskapar skjuler seg på innsida. Logoane er tydelege, SFE til venstre og til høgre er det innbrodert «Kretsdommar – NFF – Sogn og Fjordane».
– Å vere dommar er omtrent som å ha hund, det er mange som kjenner deg, som du ikkje kjenner.
Mannen heiter Ragnar Åmot, er 69 år gammal, og har alltid hatt bart. Bortsett frå i 1982, utan at han heilt hugsar kvifor. Fint dandert breier den seg forbi munnvikane inni ein snurr, i ekte Franz Ferdinand-stil.
– Det er det siste eg fiksar før eg går ut.
Nærmar seg 2000 kampar
For dei aller fleste i distriktsfotballen går han under kallenamnet «Raggen». Dette er hans 50. sesong. Heilt sidan starten i 1975 har han brukt mange av helgane sine på grøne grasflekker i havgap og djupe dalar. 31 kampar som linjedommar i Eliteserien, elles er det mest på kretsnivå og dei lokale divisjonane i Sogn og Fjordane.
– Eg har 25 kampar hittil denne sesongen, så eg ligg bra an til målet på mellom 40 og 50.
Han har dømt spinnville 1882 seniorkampar i karrieren. Og trur ikkje at nokon har fleire. Han har heller ingen planar om å gi seg.
– Når ein blir så gammal som meg, skal ein ikkje leggje seg ned og rotne. Eg vil framleis dømme høgast mogleg nivå. Eg har ambisjonar, det er jo slikt eit menneske bør vere, gjere det mest mogleg positivt i livet.
Jølstringen har rukke å bli 69 år gammal, og sjølv om beina ikkje er like unge som før held han tritt med dei fleste.
– Eg er ikkje så snill med meg sjølv. Sjølv om eg hatar å trene likar eg kjensla eg får etterpå, endorfinane.
Han bruker veggen bak seg til å teikne intervalløktene ved å føre fingeren langs sementen mellom dei rustne murklossane til Ekeberghallen.
– 10-20-30, pyramideintervallar ….
Respektert kvar enn han reiser
Det er ikkje lenge før det er ny kamp på Ekebergsletta, hans tolvte for turneringa, denne gongen aleine som hovuddommar i 32.-delsfinalen for gutar 15.
– Eg blir litt spent før kvar kamp. Eg finn meg eit roleg hjørne kor eg kan slappe av. Så går eg gjennom situasjonar som kan oppstå i løpet av kampen.
Er han fornøgd med ein kamp kjenner han på godkjensla i mange dagar.
Som dommar gjennom fem tiår i Sogn og Fjordane har Raggen mange lovord å kome med til dei lokale laga.
– Eg føler meg respektert kvar enn eg reiser. Og det er eg takksam for.
Han har lærd seg å takle kritikken som kjem med yrket.
– Det kan vere positivt å få kritikk, i alle fall frå dei som er partiske mot eit av laga. Det er viktig å hugse på det positive og lære av det negative.
Han har jo CD-ar
Han var lærar i Florø, der han bur. No har han gitt seg etter 46 år, men hoppa rett vidare til anleggsbransjen.
– Eg må ha noko å gjere. Og no er det ikkje så mykje prat om dukar og barnebarn heller, så det er ei lette.
Men det er fotballen som ligg hans hjarte nærmast.
I 1975 knakk han foten då han spela fotball sjølv for Jølster i ein kamp mot Førde. Medan han var ute med skade melde han seg på dommarkurs og då var det ingen veg tilbake.
– Kvifor har du halde på så lenge?
– Det kan eg av og til lure på sjølv. Men ein er jo med i fotballen, føler på spenninga og har gode kollegaer.
No tek han ein sesong om gangen. Og med kvar kamp følger ein lang køyretur, han reknar i snitt sju timar kvar helg i Mercedesen frå 2013. Og skulle han kjede seg undervegs?
– Då spelar eg Tanita Tikaram og litt Deep Purple. Eg har jo CD-ar.