nyhende

S
veio skule.

Rådmannen: Smittetalet vil auke i Sveio denne veka

Det har vore relativt låge smittetal i Sveio dei siste vekene. — Det vil nok snu litt denne veka, opplyste rådmann Jostein Førre onsdag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Det var i formannskapet onsdag kveld at rådmannen førebudde politikarane på at det vil kome høgare smittetal i dagane som kjem.

Han viste til at det er mange positive sjølvtestar i kommunen. Men det er PCR-testane, dei som i hovudsak blir tatt på teststasjonen i Aksdal, som blir talde i dei offentlege rapporteringa.

— Difor er det ein liten forseinking i rapporteringa. Men vi trur tala er på ei oppover her også, sa han.

Held skulane på grønt nivå

Til tross for fare for høgare smittetal, vil kommunen halde skular og barnehagar på grønt nivå, slik dei har gjort sidan før helga.

Jostein Førre er rådmann i Sveio kommune.

— Sjølv om det blir meir smitte i skulene no, så er det naturleg at me har dei på grønt nivå. Dette så lenge sjukehusa ikkje er trua og det elles ikkje er for mye smitte i samfunnet, sa Førre.

Han sa vidare at det skal mykje til for at kommunen stenger skulane, eller innfører digital skule av omsyn til smittevern.

— Men det kan godt vere at me må gå til digital skule grunna omsyn til bemanning, presiserte han.

Han viste til at digital undervisning kan bli aktuelt om mange tilsette må i karantene, og det blir for mange smitta. I så fall vil kommunen prioritere å halde skulene opne for første til fjerde klasse.

— Og kanskje må vi rotere på personale i høve til det, sa han.

Mange vaksinerte

Når det gjeld vaksinering fekk kommunen vaksinerte mange inn mot jul og romjula, noko rådmannen er nøgd med.

Kommunen held fram med ordninga kor det er vaksinering i Sveio soknehus på torsdagar.

— Me har også gjort ein avtale med Sveio apotek om dei vaksinerer eit par gonger i veka, opplyste rådmannen.

Powered by Labrador CMS