nyhende

Skulestruktur i Sveio:

Rådmann Jostein Førre presenterer forslaget til skulebruksplanen.
Rådmann Jostein Førre presenterer forslaget til skulebruksplanen.

Rådmannen foreslår samanslåing frå hausten

Auklandshamn skule og Valestrand oppvekstsenter avdeling skule kan bli slått saman med Førde skule med skulestad i Førde med verknad frå skuleåret 2021/2022.

Publisert Sist oppdatert

Det er utarbeida ein rapport om framtidig skulestruktur i Sveio. Denne er eit bidrag til ein skulebruksplan, og blei presentert for kommunestyret i desember. Rapporten har vore ute på høyring, og Sveio kommune har bedt om innspel til dei ulike tilrådingane som rapporten har kome fram til.

Fredag føremiddag var rådmannen si sak om skulestruktur i Sveio klar. Framlegg til vedtak er at Vikse skule framleis skal vera barneskule for 1. til 7. trinn, men at både Auklandshamn skule og skuledelen på Valestrand oppvekstsenter blir slått saman med Førde skule til ein fulldelt barneskule for nordre delen av kommunen.

Tilråding 3

Telemarksforsking legg til grunn eit estimat for årleg innsparing på 2,7 millionar kroner for «tilråding 3», som er det alternativet rådmannen rår til blir vedteke. Denne utrekninga har som ein føresetnad at skulebygga i Auklandshamn og Valestrand skal drivast vidare som kulturbygg med trong for straum, vedlikehald og liknande. Til fråtrekk frå dette kjem kapitalutgifter på om lag 0,45 millionar som følgjer av ei opprusting av skulelokala ved Vikse skule. Det må presiserast at tala er usikre.

Framtidsretta tilbod

For å sikra eit godt skuletilbod til elevane i Sveio kommune dei komande åra, er det etter rådmannen si vurdering naudsynt å ta grep no. Rådmannen sitt framlegg vil styrkja Førde skule, som vil gå frå å vera fådelt til å bli fulldelt. Dette vil gje eit godt og framtidsretta grunnskuletilbod i den nordre delen av kommunen.

Auklandshamn skule, februar 2021.

Rådmannen sitt framlegg vil føra til monaleg reduserte kostnader for kommunen. Denne innsparinga kan gjera det mogeleg å auka ressursane til skuleområdet samla sett, og på det viset leggja til rettes for eit betre tilbod til alle elevane ved skulane i Sveio kommune.

Engasjement

Rådmannen har lagt merke til det sterke engasjementet som høyringsrunden har vekka i alle delar av kommunen. Over 30 høyringsinnspel har kome inn. Alle er tatt med i vurderinga.

– Grunnskuleopplæring er eitt av dei viktigaste tenesteområda til norske kommunar, og det er viktig at kommunen kan gi eit opplæringstilbod som både har høg fagleg standard og som er tilpassa endringane som heile vegen skjer i samfunnet. Læringsmiljøet skal vera trygt og godt og læringsutbytet høgt, slik at grunnskuleelevane frå Sveio er godt rusta både for vidare utdanning og arbeidslivet, skriv rådmannen i saka.

Han trekkjer fram at det er nødvendig å planleggja for framtida – demografien i Sveio og landet elles er i sterk endring. Sveio kommune må sikra at dei i framtida kan gi tilbod om gode barnehagar og gode skular.

Fleire treng skyss

Anbefalinga om å slå saman Auklandshamn skule og Valestrand oppvekstsenter med Førde skule, er ikkje eit uttrykk for at rådmannen ikkje er nøgd med drifta av skulane i dag.

– Både Auklandshamn og Valestrand gir eit godt tilbod med trygge og dyktige tilsette.
Rådmannen går inn for samanslåinga for å sikra at tilbodet blir godt i framtida og. Då vil ein fulldelt barneskule i Førde for den nordre delen av Sveio vera det mest robuste alternativet. Den største ulempa vil vera at fleire elevar treng skyss, og at skyssen for nokre av dei blir lang. På den andre sida vil ein samla skule i Førde få eit større og meir robust fagmiljø, og det vil truleg vera lettare å rekruttera nye medarbeidarar til ein slik skule i framtida.

Valestrand oppvekstsenter, februar 2021.

Ein fulldelt barneskule i Førde bør kunna vera ein attraktiv arbeidsplass der det vil vera stort rom for fleksibilitet i det pedagogiske tilbodet og både godt læringsmiljø og høg trivsel blant elevane, kommenterer Førre.

Framtidige behov

Føremålet med samanslåinga er å sikra at grunnskuleområdet blir organisert for å møta framtidige behov og for å sikra best mogeleg utnytting av dei samla ressursane som er avsette til opplæring. Elevtalet på barnetrinnet er venta å gå ned i Sveio kommune dei neste åra, det er tatt omsyn til venta flytting i framskrivinga.

– Når me no skal leggja på plass skulestrukturen for Sveio kommune for dei neste seks åra, er det viktig at vi tek innover oss konsekvensane som følgjer av demografiske endringar og ein meir krevjande kommuneøkonomi. Det er og, slik fleire av høyringsfråsegnene peikar på, viktig at vi skapar føreseielege rammer for verksemda ved dei ulike einingane våre. Ingen er tente med strukturdiskusjonar med eit par års mellomrom.

Også med ein ny skulestruktur med tre skular, vil det vera viktig for kommunen å støtta opp om utviklinga i alle delar av kommunen, og skule er berre eitt av fleire tilgjengelege verkemiddel i slikt arbeid, står det i saka.

Saka skal opp til politisk behandling i Hovudutval oppvekst/kultur (HOK) 8. mars 2021. Saka går deretter vidare til formannskapet 22. mars, og endeleg vedtak blir fatta i kommunestyret 12. april.

Powered by Labrador CMS