nyhende
Radioen gjorde nynorsk tilgjengeleg
Før radioen kom i 1925 var nynorsk hovudsakleg eit skriftspråk med avgrensa rekkevidd. Radioen vart avgjerande for å gjere nynorsk til eit levande talemål for heile landet, meiner tidlegare språkdirektør Ottar Grepstad.
29. april er det hundre år sidan dei første, faste daglege radiosendingane kom i gang i Noreg.
– Radioen allmenngjorde nynorsk. For første gong kunne folk over heile landet høyre nynorsk tale regelmessig – i nyheiter, andakter og saksprogram. Dei fleste i Noreg var ikkje i kontakt med nynorsk før radioen kom, seier Ottar Grepstad til Nynorsk pressekontor.
Grepstad har vore direktør for Nynorsk kultursentrum, forlagsredaktør i Det Norske Samlaget og redaktør i Syn og Segn. Dei seinare åra har han skrive fleire bøker, mellom anna «Historia om Ivar Aasen», «Brent ord – bokbål mot språk i Noreg» og «1900-talet: forteljingar frå eit hundreår».
Dialektparadoks
Trass i dei faste, daglege sendingane i 1925 og etableringa av Norsk Rikskringkasting (NRK) i 1933, tok det tid før radioapparatet blei allemannseige.
– I 1940 hadde halvparten av husstandane i Noreg radio. Det var først etter okkupasjonsåra at radioen verkeleg blei utbreidd og nynorske røyster fekk ei viktig rolle.
Før radioen kom, var nynorsk først og fremst eit skriftspråk med avgrensa rekkevidd.
Samtidig som nynorsk blei meir tilgjengeleg for det norske folket gjennom radioen, kallar Grepstad det eit paradoks i norsk kringkastingshistorie at dialektbruken fekk meir innpass.
Alf Prøysen var ein tidleg dialektbrukar i NRK på 1950-talet. Saman med han var Thorbjørn Egner, Anne Cath. Vestly og Marie Heggen i nokre år «dei fire store» i Barnetimen. Heggen frå Valldal i Møre og Romsdal var ein nynorskbrukar som tidleg snakka nynorsk til eit stort og ungt lyttande publikum.
Dialektbølgja slo raskare inn i radio enn i TV.
– Denne endringa skaut fart på 1980-talet og heldt fram etter tusenårsskiftet. Dette har ført til mindre bruk av normert nynorsk, men også mykje mindre normert bokmål, meiner Grepstad.
Saknar normert tale
I første halvdel av 1900-talet var mållova og salmar på nynorsk to av dei viktigaste gjennomslaga for målrørsla, meiner Grepstad. Radioen var sentral for det tredje.
– Dialektbølgja var det einaste openberre gjennomslaget for målrørsla i andre halvdel av 1900-talet.
Den store dialektbruken på radio i NRK har fått konsekvensar for normert nynorsk.
– Ein har i ei gjengs oppfatning om at nynorsk berre er eit skriftspråk. Etter mi meining er det ei grunnleggjande mistyding. Dialektane har eit godt stykke på veg fått same status og posisjon som normert tale hadde for hundre år sidan.
Ottar Grepstad saknar normert nynorsk tale i dagens NRK og er kritisk til korleis dialektbruken blir påverka av bokmål.
– Du høyrer ikkje mykje nynorsk standardtale i dag. Det synest eg er synd. Det høyrer med til eit språk, at det òg finst som standardtale. Det som var innarbeidd nynorsk språkføring og setningsbygnad for få tiår sidan, blir jamt meir erstatta av seiemåtar på dialekt der det er mykje påverknad frå bokmål. Det viser igjen i skrifta òg, seier Grepstad.
Varsam spåmann
På spørsmål om kva han ser for seg vil skje med radio dei neste hundre åra, er han varsam med å spå.
– Det er eit spørsmål som «kva trur du om nynorsk om femti år?» Svaret mitt har alltid vore at framtida handlar om kva folk vil at ho skal vere. For tretti år sidan visste ingen at folk skulle knote med nokre små tastar på små apparat og skrive milliardar av tekstmeldingar kvar dag.
Likevel trur han at radioen vil overleve, trass alle format og plattformer han konkurrerer med.
– Radio er det enklaste tekniske mediet for massespreiing og forsvinn ikkje. Men det endrar seg. Det er eitt av dei billegaste media å produsere og bruke, noko som gjer det tilgjengeleg og relevant også i framtida. Dermed treng ein heller ikkje jamleg å oppdatere programvare for å få det til å fungere, seier Ottar Grepstad.