nyhende

Bømlafjordtunnelen.ARKIVFOTO: KARI NILSDATTER HAUKÅS
Bømlafjordtunnelen.

Punkterte i tunnelen

Ved 15-tida søndag punkterte ein bilist midt inne i Bømlafjordtunnelen. Til alt hell førte ikkje uhellet til trafikale problem, berre nedsett fart for ein kortare periode.

Publisert Sist oppdatert

Vedkomande sjåfør ordna nemleg fort og greit opp sjølv ved å skifta dekk i første og beste serviceluke.

– Då Vegtrafikksentralen såg at bilisten var sjølvhjelpt reduserte dei berre på farten den korte tida hjulskiftet pågjekk. Det oppstod ingen farlege situasjonar, opplyser vaktsjef i Sør-Vest politidistrikt, Dan Magne Gaard til Vestavind.

Powered by Labrador CMS