nyhende
Psykisk helse for dei eldre: Det går ikkje så verst
Stadig færre av dei eldre seier dei kjenner seg einsame. Fleire seier dei er svært tilfredse med livet, viser ein rapport frå Folkehelseinstituttet.
– Livskvaliteten blant dei eldre blir vurdert som god. Dei fleste rapporterer høg tilfredsheit med livet, og eldre skårar høgt på oppleving av meining og positive kjensler, seier forskar Thomas Hansen ved Folkehelseinstituttet.
Men likevel ser vi at livskvaliteten flatar ut eller søkk i dei eldste aldersgruppene, spesielt blant kvinner over 90 år. Norske eldre kjem gunstig ut samanlikna med eldre internasjonalt når det gjeld psykisk helse, einsemd og livskvalitet.
Åleinebuande
Eldre som seier dei kjenner seg einsame, har vore færre gjennom åra. For eldre under 80 år har einsemdstala falle til under 30 prosent dei siste femti åra. På 1980-talet rapporterte 45 prosent om einsemd. For dei over 80 år seier ein av tre at dei kjenner på einsemd. Dei fleste seier likevel at det dreier seg om mild einsemd.
Ein ser i rapporten at einsemd er mest utbreidd blant kvinner, åleinebuande og personar med dårleg helse.
Dobling av eldre
– Sjølv om andelen eldre som kjenner seg einsame har gått ned, vil det samla talet med alvorleg einsemd kunna doble seg fram mot 2050. Det er fordi befolkninga vil bestå av fleire eldre, seier Hansen.
I rapporten skriv han at som i resten av verda, ventar òg Noreg demografisk endring framover. Utviklinga har ført til uro for framtidige offentlege utgifter og press på helsetenestene. Samtidig har det vorte mykje større politisk og fagleg merksemd på at dei eldre må halda fram med å vera aktive og delta i samfunnet.
Tala er henta frå Folkehelseinstituttet, som kartlegg psykisk helse og livskvalitet blant heimebuande personar over 60 år i Noreg.