nyhende
PST vil rettsforfølgje dei som truar lokalpolitikarar
Fire av ti lokalpolitikarar har opplevd hets eller truslar. No vil PST samarbeide med lokalt politi for å rettsforfølgje dei som truar.
40 prosent av lokalt folkevalde har fått hatefulle ytringar, hets og truslar. Av desse opplyser 43 prosent at hendingane har ført til ulike grader av sjølvsensur, viser ei undersøking Ispos har gjennomført blant 2.500 lokalpolitikarar for KS i forkant av Arendalsveka.
Nesten ein av fire som har opplevd hets eller truslar, 22 prosent, har bestemt seg for å slutte med politikk.
– Dette er ikkje bra for demokratiet. Vi må rett og slett føre straffesaker på dette, seier sjefen i Politiets tryggingsteneste (PST) Beate Gangås.
– Ein beskjed frå PST
Å verne demokratiet i Noreg er ei av dei sentrale oppgåvene til PST, men vern av lokalpolitikarar er ikkje blant arbeidsoppgåvene. Det er opp til lokalt politi. Undersøkinga frå KS viser at få trusselsaker blir melde til politiet, og at endå færre blir rettsforfølgde.
No håpar KS at lokalpolitiet skal få fleire heimlar.
– Eg opplevde det PST-sjefen sa som ein beskjed om at vi må gjere noko med instruksar eller lovheimlar for at lokalpolitiet også skal få eit ansvar for å vareta lokaldemokratiet, seier KS-leiar Gunn Marit Helgesen til NTB.
Det er i så fall ei oppgåve for Riksadvokaten, politidirektøren eller justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) endre instruksen for politiet. Ingen frå desse kontora deltok i debatten onsdag.
Fram til neste val
Det var under eit arrangement mellom leiarane i dei tre etterretningstenestene PST, E-tenesta og NSM under Arendalsveka onsdag morgon at Gangås opplyste at PST vil starte eit samarbeid med lokalt politi for å sikre lokaldemokratiet i større grad enn før.
Under ein etterfølgjande debatt med temaet om lokalpolitikarar blir trua til å teie, utdjupa Gangås at PST dei neste to åra, frå årets lokalval til stortingsvalet i 2025, vil samarbeide med lokalt politi om å etterforske og tiltale dei som truar.
– Kva er det eigentleg som er det straffbare og kva er det av anna som må løysast på annan måte. Dette er eit spørsmål som tek inn i seg spørsmål om ytringsfridommen, men det går ei grense ein stad, seier Gangås.
– Kva er det lokalt politi skal gjere for å verne lokalpolitikarane sine. Vi treng rettspraksis på dette, sa ho.
Storsamfunnet må reagere
AUF-leiar Astrid Hoem meiner det ikkje er nok med å drive strafferettsleg forfølging av dei som hetsar, truar eller kjem med hatefulle ytringar. For mange av hendingane blir ikkje omfatta av straffelova.
– Det er mykje hets som ikkje blir ramma av lovene, men eg trur at vi som storsamfunn må seie frå, seier Hoem.
Ho meiner folk i større grad må tore å seie frå og reagere offentleg mot dei som opptrer utanfor grensa.
Gunn Marit Helgesen håpar diskusjonen om det aggressive debattklimaet i lokalpolitikken er førebyggjande i seg sjølv. Likevel er ho forstemt over at undersøkinga i år ikkje viser noka betring frå 2019 som var førre gong KS stilte politikarane tilsvarande spørsmål.
– Det er jo deprimerande å sjå at det framleis er fire av ti som opplever dette og byrjar å avgrense si eiga åtferd, seier Helgesen til NTB.