nyhende
Det kan bli lite norske lagringsgrønsaker i butikkane utover vinteren og våren. Bakgrunnen er at det er for dyrt å lagre grønsakene kjølig så lenge.
FOTO: NPK
Produsentane åtvarar: Låg straumstøtte kan gi mangel på norske grønsaker
NPK-NTB: Taket på straumstøtte kan gi mangel på norske lagringsgrønsaker i vinter, åtvarar grønsakbønder.Straumstøtta til landbruket har eit tak på 20.000 kilowattimar (kWh) i månaden. Det er for lite for bønder som lagrar grønsaker med sikte på å forsyne marknaden vinterstid.Asbjørn Stokkeland, grønsakbonde på Jæren, fortel til Nationen at han bruker opp mot 75.000 kWh i månaden på å kjøle ned og lagre gulrøter og løk.Han fortel at straumutgiftene er mangedobla – frå 500.000 til 700.000 kroner mellom 2016 og 2020. I 2021 kosta straumen 1,6 millionar kroner, og i år kan kostnadene passere 4 millionar kroner før nettleige.Stokkeland seier at om ikkje taket på straumstøtta blir kraftig heva eller fjerna, kan det bli vanskeleg å finne norske lagringsgrønsaker i butikkane utover vinteren og våren.– Situasjonen er den same for dei fleste som driv med lagringsgrønsaker. Vi har målprisar og kan ikkje ta kostnadsveksten ut i marknaden. Utan endringar i taket på straumstøtta så trur eg det vil bli lite lagringsgrønsaker å finne i butikkane i mars og april og utover, seier Stokkeland.(©NPK)
Vestavind er ei uavhengig lokalavis for Sveio kommune i Vestland fylke. Avisa blei stifta i 1986, er på nynorsk og har papirutgåve ein gong i veka. Vestavind arbeider etter Redaktørplakaten og Ver Varsam-plakaten sine retningslinjer for god presseskikk.
Det er ikkje tillatt å kopiera frå denne sida eller legga ut skjermdump av artiklane til Vestavind. Me gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.