nyhende
Private står for nesten halvparten av matsvinnet
Fleire hundre tusen tonn med eteleg mat blir kasta i Noreg kvart år. Private hushald må skjønne at dei er ei stor brikke i dette, seier matsvinnekspert
I 2016 jobba ho i avfallsbransjen i Bergen. Der såg ho med eigne auge all den etelege maten som blei kasta frå hushald. Ho starta folkerørsla «Spis opp maten» og har i dag meir enn 100.000 følgjarar på Instagram og Facebook. Ho har òg skrive bok med oppskrifter til restemat som skal redusere matsvinn.
Før jul la regjeringa fram ein rapport om reduksjon av matsvinn. Den viste at matsvinn i hushald berre gjekk ned med 10 prosent mellom 2015 og 2020. Målet var 15 prosent, og dette var eit delmål slått fast i Bransjeavtalen mellom fem departement og tolv bransjeorganisasjonar i 2017.
Hovudmålet er å kutte matsvinn i Noreg med 50 prosent innan 2030, i tråd med FNs berekraftsmål.
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) uttalte at dei i komande år skal førebyggje at matsvinn oppstår, men også sørgje for at meir av maten som endar opp som avfall, blir utnytta til noko.
– Målet må vere å aldri meir snakke om søppel. Vi skal sjå på avfall som ein ressurs og tenkje over korleis det blir gjenvunne til noko, anten som energigjenvinning eller som produksjon av biogass, sa han.
Over 453.000 tonn i søpla
I rapporten står det at 453.650 tonn med eteleg mat gjekk i søpla i 2020. Nesten halvparten, 216.100 tonn, kom frå private hushald.
Ifølgje Nygård Havre er det middagsrestar private hushald kastar mest av i løpet av eit år, etterfølgt av frukt og grønt, brød og bakevarer.
– Kvar person kastar om lag 12 kilo middagsrettar i året. Gjennom jul og nyttår er det truleg fleire som kjenner seg igjen i at mykje ribbe og pinnekjøt har gått i søpla.
– Vi kastar også om lag ni kilo frukt og grønt i året og sju kilo med brød, sjølv om vi har gått ned to kilo i matsvinn på brød på få år. Begge delar er ting som er enkle å gjere noko godt med, trass i at det har gått ut på dato eller blitt tørt. Til dømes er frukt og grønt lette å lage smoothie eller grønsakgrateng av.
Ho meiner der er mange som snakkar om å ville redusere sitt private matsvinn, men at dei likevel har ei åtferd som gjer at dei held fram å kaste for mykje.
– Dei siste åra har det vore ei haldningsendring blant nordmenn, men utfordringane ligg i at åtferda er uendra. Men det er enklare å endre haldning enn åtferd, så fleire er på riktig veg, seier Nygård Havre.
Generasjonsskilje
Det er eit generasjonsskilje på gang, meiner Nygåard Havre. Ho ser at dei yngre i dag er meir opptekne av gjenbruk og å kaste så lite som mogleg, ikkje ulikt dei eldste generasjonane.
– Eg har passert 40 og føler min og mine foreldre sin generasjon er dårlege på dette. Vi har vakse opp med stor velstand der det har blitt vanlegare å kaste restar. I mi levetid har til dømes hurtigmat som ferdigpizza kome, noko som kan ha gjort oss meir slepphendte. Bestemor sin generasjon kasta aldri noko. Dei siste åra ser det ut til at vi er på veg tilbake til å lage mat frå botnen. Folk vil ete sunnare og i større grad vite kva det er dei et. Spesielt dei unge er opptekne av å ta meir vare på råvarene dei handlar.
Dei to siste åra med pandemi og heimekontor har gjort at fleire er meir heime og på kjøkkenet. Det gjer at fleire trivst med å lage eigen mat frå botnen av, som igjen gjer at fleire er medvitne kor mykje mat dei kastar, meiner Nygård Havre.
– Det har også gjort at dei brukar meir av det dei har i skuffar og skap. Eg trur også folk har meir respekt for maten dei brukar tid på å lage.
Feil forbrukaroppfatning
180.000 tonn av den 453.653 tonn etelege maten som gjekk i søpla i 2020, kom frå matbransjen, inkludert matindustri, daglegvare og servering. Kommunikasjonssjef Anne Marie Schrøder i Matvett, mat- og serveringsbransjen sitt selskap for å redusere matsvinn, seier det er ei vanleg feiloppfatning at det er bransjen som er matsvinn-verstingen.
– Forbrukaroppfatninga er at matbransjen er den største syndaren på matsvinn, men nesten halvparten av kartlagt matsvinn kjem frå private hushald. Årsaka til at få veit dette, kan vere at det blir formidla bilete av konteinarar med mat frå butikkane eller at næringslivet ikkje er gode nok til å synleggjere kva dei gjer.
Sidan 2010 har Matvett kartlagt matsvinn frå matindustrien og daglegvarehandelen, og frå 2016 også i restaurantar, kantinar og hotell. Dei to siste åra har vore unntaksår for mat- og serveringsbransjen, med fleire nedstengingar og lite aktivitet hos serveringsstadene og langt større produksjon hos matindustri og sal i daglegvarebutikkane. Schrøder trur likevel at bransjen inn i framtida kan ta med seg lærdom frå den krevjande tida.
– Restaurantbransjen har i grunn ikkje fått vere til stades dei to siste åra. Fleire gongar har dei måtte sløkke brannar med mykje mat til overs då det plutseleg har kome nedstengingar og avbestillingar i lang tid. Når vi har vore gjennom dette må vi også tenkje framover og bruke desse åra til noko godt. Til dømes har gjestane vent seg til nedkutting i buffemat og fleire hotell, kantiner og restaurantar har blitt flinkare å berekne riktig mengde mat til servering, som gjer at mindre mat blir kasta.
Framtida
Innan 2025 skal matsvinn ned med 30 prosent. Schrøder meiner dei fram til no har teke dei enklaste grepa for å minke matsvinn i bransjen, medan dei i åra framover skal ta nye grep som vil ha større effekt for å få oss til å tenkje sirkulært om mat.
– Vi skal rekruttere fleire bedrifter og hjelpe aktørane å samarbeide og sjå verdikjeda i eitt. Slik skal vi ikkje produsere meir enn det vi treng. Dette vil også handle mykje om god kommunikasjon i verdikjeda og betre planlegging, og at forbrukarane i større grad må vere med på laget. Det handlar om kva forventningar dei kan ha til stengjetid i butikkar, i kantina og på buffear på hotell.
I tillegg skal Matvett i større grad enn tidlegare jobbe med å få forbrukarane med på laget.
– Vi må også trene opp hukommelsen til forbrukarane. For mykje mat blir kasta fordi vi ikkje hugsar kva vi har i kjøleskapet frå før og kjøper meir enn kva vi treng i tilfelle vi ikkje har det heime. Slik endar vi opp med to rømmebeger og to kilo potetar for mykje, som oftast går i søpla.
Hjelper klima og lommebok
Mette Nygård Havre seier at i tillegg til å hjelpe med å nå FN sitt berekraftsmål, er det å redusere privat matsvinn også eit godt grep for å hjelpe eigen økonomi.
– Det kan vere at dei høge straumprisane faktisk hjelper å få ned matsvinn, for med dårlegare råd sparar folk inn meir der dei kan. Å redusere matsvinn er ein god måtte å spare pengar på, i tillegg til at det hjelper på å redusere klimaavtrykket.
(©NPK)