nyhende
Prisveksten held fram med å minke: – Gode nyheiter
Prisveksten enda på 3 prosent i mai, noko som er femte månaden på rad med fall. Det er gode nyheiter for folks kvardagsøkonomi, seier finansministeren.
Konsumprisindeksen (KPI) steig 3 prosent frå mai 2023 til mai 2024. Det er 0,6 prosentpoeng lågare enn tolvmånadersveksten i april, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).
– Prisveksten fell for femte månaden på rad. Sidan desember i fjor har tolvmånadersveksten i KPI gått frå 4,8 prosent til 3,0 prosent i mai. Den siste månaden er det spesielt straumprisane som trekkjer prisveksten ned, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.
Staum, matvarer og bilar
Det som bidrog til å trekkje den samla prisveksten ned i mai, var prisutviklinga på straum, matvarer og bilar. Straumprisane var 23,9 prosent lågare i mai i år samanlikna med same månaden i fjor.
– Det er samansette årsaker til at straumprisane fell så markant i mai. Vi er i ein god innanlandsk ressurssituasjon etter at fyllingsgrada i norske vassmagasin dobla seg gjennom mai månad. I tillegg er Europas gasslager velfylte etter ein mild vinter og auka import av flytande naturgass, seier Kristiansen.
Lågare prisvekst på matvarer
Samtidig auka matvareprisane 1,1 prosent frå april til mai, ei høg månadsendring til mai månad å vere, men likevel ein moderat oppgang samanlikna med same tid i fjor.
– Vi samanliknar no med ei tid på fjoråret då matprisane steig uvanleg raskt. Dette bidreg til at tolvmånadersveksten for matvarer fell ganske kraftig frå april til mai, seier Kristiansen.
Tolvmånadersveksten på mat og alkoholfri drikke var 6,8 prosent i april og gjekk ned til 5,4 prosent i mai. Bilprisane fall 2,1 prosent frå april, noko som ifølgje SSB kan kome av eit svært lågt nybilsal.
– Det er den største månadlege prisnedgangen vi har sett på bilar sidan 90-talet, seier Kristiansen.
– Gode nyheiter
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er glad for at prisveksten held fram med å falle.
– Dette er gode nyheiter for folk og kvardagsøkonomien deira. Vi er på veg mot lysare tider for folks økonomi. Alt peikar mot at folk no får reallønnsvekst i 2024, seier han.
– Dette er i tråd med målet til regjeringa om at folk igjen skal oppleve ein betre økonomisk kvardag, seier Vedum vidare.
På veg mot normal vekst
Hovudorganisasjonen Virke ser prisutviklinga i samanheng med at kostnadsveksten bakover i verdikjeda er i ferd med å minke etter nokre svært turbulente år med energikrise og krig i Europa.
– Kampen om kundane i den norske daglegvaremarknaden er knallhard. Med sterk priskonkurranse er det utfordrande med høge kostnader knytt til innkjøp, energi, transport og valuta. Det er derfor gledeleg for alle at vi er på veg mot ei meir normal prisutvikling, seier bransjedirektør Bendik Solum Whist i Virke.