nyhende
Prisveksten dempa seg noko i august
Prisane steig 4,8 prosent frå august i fjor til august i år. Utviklinga i straumprisane trekkjer tolvmånadersveksten ned frå juli, ifølgje SSB.
KPI fall 0,8 prosent frå juli til august, og var i august 4,8 prosent høgare enn for eitt år sidan, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Tolvmånadersveksten er 0,6 prosentpoeng lågare enn i juli. Prisutviklinga på straum bidrog mykje til at tolvmånadersveksten fell for andre månad på rad.
– I fjor målte vi høg prisvekst på straum frå juli til august. I år er situasjonen motsett. Straumprisane fall i dei fleste delar av landet frå juli til august. Dette ein viktig grunn til at tolvmånadersveksten i KPI går ned, seier Espen Kristiansen i SSB.
Billigare straum
Prisane på straum inkludert nettleige fall med 10,9 prosent frå juli til august i år. Dette gjer at prisane er 26,1 prosent lågare i august 2023 samanlikna med august 2022. Ifølgje Kristiansen er den blant grunnane til fallet i fyllingsgrada i vassmagasina i dei sørlege prisområda.
– Den har vore mykje høgare gjennom 2023 samanlikna med 2022 og då særleg i august etter mykje nedbør, seier han.
Tolvmånadersveksten i KPI frå august i fjor til august i år er den lågaste tolvmånadersraten vi har sett sidan april i fjor. Trass i nedgangen i tolvmånadersendringa frå førre månad, er prisveksten historisk sett framleis på eit høgt nivå.
Matprisane fall
Når det gjeld prisane på mat, har dei stige med 9,3 prosent dei siste tolv månader – og det er frukt, grønsaker, brød og kjøtt som er matvaregruppene som har stige mest i pris sidan i fjor.
Frå juli til august fall matprisane med 0,8 prosent. Trass i fallet frå juli til august var prisane på matvarer i august 9,3 prosent høgare enn dei var for eitt år sidan.
– Matvareprisane er framleis den største bidragsytaren til at den samla prisveksten er så høg som han er, seier Kristiansen i SSB.
– Vi såg ein uvanleg jamn og sterk prisvekst på matvarer frå mars til juni i år, ein periode av året då prisane gjerne går noko ned. Ein prisnedgang frå juli til august er derimot meir i tråd med det vi vanlegvis ser denne månaden, seier Kristiansen.
I snitt har matprisane falle 1,1 prosent i august dei siste 20 åra, ifølgje E24.
Frå juni til juli i år steig matprisane med 3,3 prosent.