nyhende
– Prisen må spegla kostnadane
– Vestavind har prismessig lagt eit stykke under aviser me kan samanlikna oss. No er me nøydde til å gjera ein litt større auke i abonnementsprisane for at dei skal samsvara med kostnadane.
Det seier ansvarleg redaktør Ellen Marie Hagevik om prisauken som vil gjelda frå 1. januar 2025.
Særleg trykk og distribusjon har auka mykje dei siste åra utan at det er tatt høgde for i den årelege prisauken for Vestavind. Dei tilsette har også fått lønsauke tilsvarande snittet nasjonalt, men det utgjer svært lite samanlikna med auken i kostnadar på papir, trykk og distribusjon.
Berre frå mars til juni i år blei det om lag 100.000 kroner i ekstrakostnader på grunn av at distribusjonsselskapet Vestavind brukte la med verksemda i vårt område og me måtte bruka Posten.
Skiftar trykkeri frå nyttår
Frå nyttår er det også ei stor endring med bytte av trykkeri. Sunnhordland trykkeri på Stord legg ned 31. desember. Vestavind vil etter det bli trykt hos Schibsted Trykk Bergen AS i Drotningsvik like ved Sotrabrua.
– Stadig fleire går over til digitalt abonnement, men det kostar også å laga nettavis. Me er nøydde til å fornya oss med betre system på både nettavis, abonnement og annonse for å vera godt nok rusta for den digitale utviklinga i åra framover, seier dagleg leiar Susanne Lie Vallestad.
Utfordrande år
Det siste året har også vore utfordrande bemanningsmessig med manglande vikar for dagleg leiar frå november i fjor til etter sommarferien i år. Sidan midten av juni og fram til skrivande stund er det framleis ikkje fast journalist på plass.
– Supervikar Einar Vestvik har etter sommarferien jobba tre faste dagar i veka, og det er me svært glade for. Han ønskar å trappa ned, og no kan me endeleg seia ja til det utan å lura på korleis det skal gå. Rundt 1. februar blir Morten Vågset Møller (25) fast journalist i 100 prosent stilling, og det ser me veldig fram til, seier redaktøren
– Styret er imponert
– Styret er imponert over staben si evne til å finna løysingar på kvardagen sine utfordringar i Vestavind. Det er også større utfordringar knytt til oppfølging av abonnementsystem og det å ha ei god nettavis. Me gler oss no over at Vestavind sin redaksjon endeleg blir fulltallig igjen, seier styreleiar Bent Rune Sinnes.