Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Prinsippdebatt om støtte til sportsanlegg
Tatsiana Kozel (Ap) drog i gang ein engasjert prinsippdebatt om støtte til interkommunale idrettsanlegg på kommunestyremøtet i Sveio måndag.
Utgangspunktet var to konkrete saker, den eine om støtte til andre byggesteg av Haugaland klatring og turn AS sitt anlegg, det andre til Haugaland Hestesportsarena AS.
Rådmannen og fleirtalet i formannskapet hadde tilrådd støtte på 1,5 millionar kroner til klatreanlegget og vel 194.000 kroner til hestesportsanlegget. I begge tilfelle er det også spørsmål om underskotsgaranti som for Sveio sin del vil liggja på vel 0,5 prosent. Begge framlegga er innarbeidde i rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2026, som blei presentert på det same kommunestyremøtet.
Heller støtte til eigne lag
Kozel meinte Sveio heller må prioritera arbeidet til frivillige organisasjonar i eigen kommune. Ho fekk støtte frå Jarle Jacobsen (KrF) og Asle G. Halleraker (TvF). Dei hadde begge stemt nei også i formannskapet og var no styrka i overtydinga om at dette var rett.
Rune Teikari (Frp) sa også nei til å støtta klatreanlegget, men ja til hestesportsarenaen.
Trur på positive ringverknader
John Kristian Økland (H) hadde forståing for Kozel og dei andre motstandarane sin argumentasjon, men gjekk likevel inn for støtte til begge anlegga. Han sa mellom anna at summane er små, og han trudde det kan gi positiv ringverknad i forhold til Fjord Motorpark sitt påtenkte interkommunale anlegg i Sveio.
– Dette trur eg er ein draum. Me får truleg aldri sjå noko interkommunalt anlegg i Sveio, i alle fall ikkje i vår tid, kommenterte Halleraker.
Kozel sin partifelle Linn Therese Erve (Ap) støtta derimot Økland sin argumentasjon. Det gjorde også Monica Vandaskog Valen (Sp).
Støtta til Haugaland klatring og turn AS blei vedtatt mot ti røyster. Sju av representantane røysta mot støtte til Haugaland Hestesportsarena AS.