nyhende
Prinsessa i det første statsrådet sitt – fekk feministisk bursdagsgåve
Regjeringa overraska prinsesse Ingrid Alexandra med fleire bursdagsgåver då ho for første gong deltok i statsråd. Gåvene har ein tydeleg feministisk raud tråd.
På førehand var mange spente på om regjeringa skulle utnemne ny sentralbanksjef. Denne avgjerda svikta, men i staden vart det eit historisk statsråd der prinsesse Ingrid Alexandra deltok for første gong – på sin eigen 18-årsdag.
Regjeringa hadde med seg fleire gåver til henne.
– Statsminister Jonas Gahr Støre og dei andre regjeringsmedlemmene som var til stades nytta høvet til å gratulere prinsessa med 18-årsdagen, skriv regjeringa i ei pressemelding.
Resolusjon i gåve
Regjeringas hovudgåve til 18-åringen er allereie kjend, ein festmiddag, men denne er utsett på grunn av pandemien.
På sjølve dagen fekk prinsessa eit skinninnbunde avtrykk av den kongelege resolusjonen frå 1990 der det vart bestemt at kvinner kunne arve trona.
– Dette var ei viktig grunnlovsendring for likestillinga. Den gjorde prinsesse Ingrid Alexandra til tronarving då ho vart fødd i 2004. Derfor var det ei glede å gi henne eit spesiallaga skinninnbunde avtrykk til myndigheitsdagen, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i pressemeldinga.
I tillegg fekk prinsessa tre bøker med vekt på norsk historie generelt og kvinnehistorie spesielt.
Boka «Eufemia – Oslos middelalderdronning» av Bjørn Bandlien (red.) handlar om dronning Eufemia som kom til Oslo i 1299 som kong Håkon Vs hustru. Ho var i si tid eit midtpunkt i den norsk-svenske hoffkulturen.
I tillegg fekk prinsessa «Norsk kvinnehistorie på 200 sider» av Hege Duckert, og «Landet mot nord» av Mona Ringvej. Den siste fortel historia om Noreg gjennom 22 minibiografiar.
Avgjerder
Det er kongen som leier statsrådet. Det skjer vanlegvis kvar fredag klokka 11, og regjeringa blir teken imot for at dei skal ta avgjerder.
Alle lover og andre vedtak i statsråd må sanksjonerast av kongen og kontrasignerast av statsministeren for å vere gyldige.
Etter Grunnlovas paragraf 35 deltek òg tronarvingen i statsråd: «Så snart tronarvingen har fylt 18 år, er han eller hun berettiget til å ta sete i statsrådet, dog uten stemme eller ansvar.»
– Prinsessa hadde ei observerande rolle, sidan det berre er den næraste tronarvingen som kan ta sete i statsråd saman med kongen. Ho kom inn i statsrådssalen saman med far og farfaren sin, opplyser regjeringa.
(©NPK)