nyhende

Planleggingsleiar for E39 i vegvesenet Henry Asle Damman saman med sveioordførar Linn Therese Erve på vegseminaret i Aksdal. FOTO: EINAR VESTVIK
Planleggingsleiar for E39 i vegvesenet Henry Asle Damman saman med sveioordførar Linn Therese Erve på vegseminaret i Aksdal.

Presenterte planar for firefelts E39 gjennom Sveio

Planane for ny firefelts E39 mellom Bokn og Bømlafjorden blei onsdag presenterte for kommunestyrepolitikarar, ungdomsrådsmedlemmer og kommuneadministrasjon i Sveio, Tysvær og Bokn. Det skjedde på eit meir enn tre timar langt seminar Tysværtunet.

Publisert Sist oppdatert

Statens vegvesen og konsulentselskapet Rambøll er i gang med utarbeiding av kommunedelplan for den 62 kilometer lange strekninga frå utløpet av Rogfast-tunnelen på Bokn til utløpet av Bømlafjordtunnelen nord i Sveio.

Strekninga er ein del av den nye stamvegen mellom Stavanger og Bergen som vil korta ned reisetida mellom dei to største vestlandsbyane med heile tre timar. Det betyr at reisetida mellom Stavanger og Bergen blir to timar. For folk i Sveio betyr det at det er mogleg å dagpendla til arbeidsplassar både i bergensområdet og på Nord-Jæren.

Hastar med avklaring

Men det er langt fram og vil medføra store inngrep i alle dei tre kommunane som var tema for seminaret onsdag. Det undestrekar vegvesenet sin planleggingsleiar Henry Asle Damman. Han forklarar også at denne måten å informera om planane, er ny for vegvesenet.

— Me ønsker å ha kommunepolitikarane med og få innspel frå lokalsamfunna på eit tidleg stadium. Det er også viktig at lokale politikarar engasjerer seg for å sikra nødvendige løyvingar til utbygginga. Me kan planlegga, men gjennomføringa er avhengig av politiske vedtak, seier Damman.

Det første han utfordrar politikarane til å vera med på, er å øva press på Kommunal- og regiondepartementet for å få ei avklaring på om planlegginga skal skje på statleg hald eller på kommunenivå. Vegvesenet og Rambøll ba om svar på dette før påske, men har enno ikkje fått noko avklaring. Dreg avgjerda for langt ut, står heile den vidare framdriftsplanen i fare for å ryka.

Håpet frå planleggarane si side er at planlegging skal skje på kommunenivå. Ut frå dette arbeidar dei med kommunedelplanar, som dei håpar å få presentera på folkemøte i kvar kommune til hausten. Då kan, i beste fall, kommunedelplanane bli vedtekne i 2025, og reguleringsarbeidet kan ta til.

Store arealinngrep

Skissa til kommunedelplanar som Damman presenterte i Tysværtunet, inneber at ein minst 400 meter brei korridor frå Bokn til Bømlafjorden blir bandlagt i planleggingsfasen. Nokre stader, for eksempel ved Haukås i Sveio, blir det to parallelle korridorar. Innanfor kvar korridor blir det planlagt to alternative vegalternativ.

Vegen skal byggast med ein standard som tillet fartsgrense på 110 km/t. Talet på avkøyrsler skal reduserast kraftig. I Sveio blir det berre kryss ved Haukås og Valestrand, og kanskje eitt i mellom. Den totale breidda på asfaltert veg blir 23 meter.

Damman åtvara politikarane og sa at planarbeidet vil medføra ei rekke utfordringar og potensielle konfliktar, både i forhold til busetnad, dyrka mark, flora, fauna, myrlandskap og meir. Til Vestavind seier han at forholdet til bebygde område truleg blir mest krevjande i Førde.

Bra med tidleg informasjon

Det kom ingen store innvendingar mot dei planane vegvesenet og Rambøll presenterte på seminaret, men etter gruppesamtalar sa representantar for fleire kommunar at dei er litt uroa over at store areal blir bandlagde over lang tid i samband med planlegginga.

Sveio var representert på seminaret i Aksdal med ordførar og rådmann, fleire kommunestyremedlemmer og ein representant for ungdomsrådet.

— Det er svært bra med god informasjon til lokalpolitikarane og etter kvart innbyggarane på eit tidleg stadium, seier ordførar Linn Therese Erve i ein kommentar til Vestavind.

Om utfordringa frå Damman til å pressa på Miljøverndepartementet, seier ho at Sveio har sagt frå gjennomn Haugaland Vekst og Sunnhordland-rådet at det hastar med ei avgjerd.

— Og me vil halda fram med å pressa på, seier Erve.

Powered by Labrador CMS